Hopp til innhold

Her slår tjuvane til på buss-stasjonen

På få sekund forsvann bagen frå oppbevaringsboksen til kvinnetoalettet. Lite ana dei seks rumenarane at det profesjonelt utførte tjuveriet vart fanga på kamera.

Tjuvar slår til på Firda Billag

SJÅ VIDEO: Overvakingsvideoen viser tjuvane som slår til hos Firda Billag i Førde. Foto: Politiet

Dei fem mennene og ei kvinne selde ikkje berre gatemagasin då dei i februar vitja Førde. Frå ein ulåst oppbevaringsboks på Firda Billag stal dei med seg ein bag med PC, headset, klede og toalettsaker.

No er dei dømde til 36 dagar fengsel. Heile tjuveriet vart foreviga av eit overvakingskamera.

– Sjølv om tjuveriet ikkje omhandla dei heilt store verdiane, så var det eit profesjonelt preg, der seks personar samarbeidde ved først å rekognosere, så fordele roller, og for deretter å gjennomføre tjuveriet, seier politiadvokat Erling Melvær.

– Vanskeleg å oppdage

Politiadvokat Erling Melvær

AKTORERTE: Politiadvokat Erling Melvær fekk medhald hos tingretten at dei seks rumenarane var involverte i tjuveriet.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Overvakingskameraet viser reisefølgjet si store interesse for oppbevaringsboksane i forkant og sjølve tjuveriet. Ein reisande som ikkje hadde pengar til å låse inn bagen sin, kom attende til tom boks 30–45 minuttar seinare.

Retten gav politiet medhald i at alle dei seks rumenarane medverka i tjuveriet. Aktor Melvær seier videobileta truleg var avgjerande for å oppklare saka.

– Det heile gjekk svært raskt. Bagen var borte på få sekund, og med omsyn til at fleire av dei involverte gjorde avleidningsmanøverar, så var det svært vanskeleg å oppdage tjuveriet, seier Melvær.

Pågripne etter ni dagar

Tjuveriet skjedde 16. februar i år. Ni dagar seinare vart gjerningspersonane arresterte. Dei seks er seljarar for eit gatemagasin og hadde i mellomtida vore ein annan stad på Vestlandet. I bilen til den eine fann politiet delar av tjuvgodset.

Bileigar, ein mann i slutten av tenåra, erkjende tjuveriet, medan ein annan også tilstod etter å ha blitt presentert for videobeviset.

Politiet har ikkje kunne bevise at rumenarane er mobile vinningskriminelle.

To må sone

Medan det er tale om to hovudpersonar, hadde dei fire andre, i alderen 20–40 år, ei langt mindre sentral rolle ved å skjule for sjølve handlinga. Mellom anna snakka to i følgjet til ei kvinne som var i ferd med å gå inn på doen der ein av kompanjongane var med bagen.

Rumenarane møtte ikkje sjølve i tingretten, men vart alle dømde til fengsel i 36 dagar. Fire slepp å sone bak lås og slå så sant dei held seg på rette side av lova dei neste to åra. Til frådrag i fengselsstraffa kjem tre dagar i varetekt.

Dei må også betale 3.700 kroner i erstatning til bageigaren for innhald som ikkje har kome til rette.

– Det er viktig å understreke at det er same straff som norske borgarar ville fått for tilsvarande tjuveri, seier Melvær.

– Eit stort problem

Melvær seier politiet ser alvorleg på saka, sjølv om tjuveriet ikkje representerer dei heilt store verdiane.

– Politiet ser alvorleg på saka. Vinningskriminalitet er blitt eit stort problem i Norge, og denne type kriminalitet medfører irritasjon, uro og praktiske problem for ei betydeleg mengde personar, seier han og legg til:

– Eit viktig verkemiddel for å overvinne kriminalitet, er å utvise kriminelle utlendingar. Det har vi heimel til i denne saka, og det vil sjølvsagt bli vurdert.

– Kor lett blir det å gjere dei dømde kjende med dommen?

– Det er snakk om utanlandske statsborgarar utan fast bustad i Norge. Difor kan det bli utfordrande å få dommen forkynt.