Hopp til innhold

Her kan det bli stille frå fredag

Førde lufthamn Bringeland er mellom dei ni flyplassane som blir stengde fredag klokka 11 dersom det blir streik i Avinor.

Førde Lufthamn Bringeland
Foto: Alv Vidar Snæland / NRK

310 tilsette i Avinor blir tekne ut i det første streikeuttaket dersom meklinga mellom LO Stat og Spekter og YS-Spekter/Delta og Spekter ikkje fører fram. Meklinga startar klokka 10 torsdag.

Lufthamnsjef Kjell Otto Gjesdal ved Førde lufthamn Bringeland seier at dei har fem daglege flygingar tur/retur til Gardermoen og to daglege tur/retur til Flesland.

– Talet på passasjerar varierer, men det er rundt 250 i snitt kvar dag. Midt i veka er det mange som reiser i embeds medfør, men no nærmar det seg helg, og då er det ein god del privatreisande.

Også Flesland råka

Avinor reknar med at i alt 30.000 passasjerar blir råka dagleg, dersom det blir streik. For mange i Sogn og Fjordane er Bergen lufthamn Flesland flyplassen dei brukar når dei skal på ferie. Også Flesland blir stengd om det blir streik.

Avinor ber dei som skal reise dei komande dagane om å halde seg til informasjonen dei får frå flyselskapa dersom dei ni flyplassane blir stengde.