Hopp til innhold

Her er oppskrifta på Steinar sitt beste julepålegg

Seine lange frukostar høyrer jula til. Då er det ekstra stas å kunne servere heimelaga julepålegg.

Seine lange frukostar høyrer jula til. Då er det ekstra stas å kunne servere heimelaga julepålegg.

Radiokokk Steinar Lindstrøm serverer både sylterull og lammerull til jul. Steinar brukar karve i sin lammerull, men i dag skal du få dei klassiske oppskriftene.

Steinar sin sylterull

  • Tynnside av gris
  • 1 ss salt
  • 1,5 ts. malt pepar
  • 1/2 ts. malt allehande
  • 1 ts. malt nellik
  • 1 ts. gelatinpulver
  • Saltlake: 3 liter vatn og 300 gram salt.

Slik gjer du det

Lag ferdig krydderblandinga og del tynnribba i to på langs. Ha krydder mellom laga og rull kjøtet i hop. Sy rullen saman med ein bommulstråd. Kok opp salt og vatn og avkjøl laken.

Legg sylterullen i saltlake i 3 døgn på ein kald plass, før du kokar rullen i to timar. Sylterullen skal ikkje fosskoke, berre trekke opp mot kokepunktet.

Legg rullen i press over natta. Sylterullen er klar til servering.

Steinar sin lammerull

  • Slagside av lam
  • 1 ss salt
  • 1/2 ts. pepar
  • 1 ts. gelatinpulver

Slik gjer du det

Når du skal lage lammerull er det viktig at du skjer vekk seige hinner og overflødig feitt frå slagsida. Gni krydderblandinga inn i kjøtet og rull i hop slagsida. Her må du og fram med nål og tråd for å få lammerullen skikkeleg i hop.

Legg lammerullen i saltlake i 3 døgn, sjå oppskrift ovanfor, og lat rullen trekke i to timar. Vatnet skal ikkje fosskoke. Lammerullen må også leggast under press over natta.