Hopp til innhold

Opprørt og frustrert over snuoperasjonen til Ap

Marita Aarvik (Frp) gir Ap det glatte lag etter snuoperasjonen i Selje-politikken. – Eg forstår at nokon og kvar og ein kan vere indignerte over handlinga, seier Ole Bosnes (Ap).

Marita Aarvik

KRITISK: Selje Frp og Marita Aarvik er svært kritisk til Arbeidarpartiet etter at dei vende ryggen til Høgre, Senterpartiet og Frp.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

Marita Aarvik i Frp er opprørt og frustrert etter at Ap velta eit samarbeid som kunne sikra dei fire partia Arbeidarpartiet, Høgre, Senterpartiet og Frp fleirtalet i kommunestyret og Sp ordføraren.

Stein Robert Osdal

ORDFØRAR: Stein Robert Osdal og KrF får ordførarklubba i den nye konstellasjonen i Selje-politikken.

Foto: David Haaland

Partia signerte avtalen søndagskveld, men allereie neste snudde Arbeidarpartiet og kom til semje med KrF, Tverrpolitisk liste og ein uavhengig kommunestyremedlem om ein konstellasjon. Aarvik har mista all tiltru til Ap etter det som har skjedd.

– Dette viser at det er totalt umogleg å vite kva dei står for. Ap er ikkje til å stole på. Sjeldan har eg vore med på noko så useriøst som i denne saka, seier Aarvik.

Konfererte partileiinga

Frp-politikaren seier at det siste Ap-representanten Åge Lundebrekke gjorde før han gjekk inn for å signere avtala, var å konferere med partileiinga.

Ho meiner at han er sett i ein svært vanskeleg situasjon, når partiet neste dag vel å byrje forhandlingar med andre parti.

Semje om politisk plattform i Selje.

AVTALEN: Denne avtalen vart signert søndag kveld. Allereie dagen etter hoppa Arbeidarpartiet på eit tilbod som gav ordførarklubba til deira primærval som ordførar, Stein Robert Osdal (KrF).

Foto: Privat

– Eg trur ikkje det er kjekt for den personen å bli behandla på den måten. Alle kan tenke seg korleis det må vere, utan at eg har snakka med han etterpå. Han blir på mange måtar vengjeklipt av partiet. Det er ikkje ein fin måte å behandle sine eigne på, seier Aarvik.

Ap støtta KrF-Osdal

Ho seier dei valde å ikkje gå ut med avtalen straks den var signert, fordi dei ville la det gå litt tid. Det same kan ikkje seiast om det nye trekløveret, meiner ho.

– Dei har gått ut med ein avtale som ikkje er underskrive ein gong, seier Aarvik.

Ole Bosnes

TILLIT: Ole Bosnes i Ap meiner partiet er til å stole på, sjølv om dei hoppa av ein underskriven avtale. – Medlemsmøtet onsdag ynskte ein konstellasjon med Osdal som ordførar og gav klart beskjed om at dei ynskte å sjå sluttavtalen, seier han.

Foto: Asgeir Jens Reksnes / NRK

Ole Bosnes seier medlemsmøtet i Arbeidarpartiet gjekk for å støtte Stein Robert Osdal (KrF) som ordførar, då deira eigen ordførarkandidat, Per Egil Hellebust, ikkje vart vald inn i kommunestyret.

Måtte godkjenne avtalen

– Men vi fekk ikkje signal om at han ville gå for ordførarvervet, før vi fekk det munnleg på fredag. Først måndag vart det handfast, forklarar Bosnes.

Han seier at partia som søndag vart samde, vart orientert om at Arbeidarpartiet måtte handsame denne i eit medlemsmøte. Allereie søndag kveld kalla Bosnes inn til dette måndag kveld.

– Kanskje det ikkje vart oppfatta av dei andre partia, men det får eg som partiformann ta på mi kappe, seier han.

– Er til å stole på

Då medlemsmøtet vart samla tok dei også stilling til frieriet frå KrF, TVP og den uavhengige representanten.

– Framlegget om Osdal som ordførar låg nærare opp til det som medlemsmøtet vedtok onsdagen etter valet, seier han.

– Aarvik meiner Ap ikkje er til å stole på. Kva er din kommentar til det?

– Då trekkjer ho konklusjonen vel langt, men eg forstår kvifor ho seier det. Eg har ingen problem med å forstå at folk er moralsk indignert og skuffa. Det er beklageleg at vi kjem i ein slik situasjon, men sjølvsagt er vi til å stole på.

Vil forklare seg

Bosnes seier Arbeidarpartiet sjølve vil gå ut og forklare deira standpunkt i saka. Han verken håpar eller trur at samarbeidsklimaet kan ha blitt dårlegare som følgje av snuoperasjonen deira.

– Når ein ikkje kan stole på signerte avtalar, korleis kan andre parti stole på at de vil halde lovnadar i framtida?

– Det er ikkje anna metode enn å stole på det. Vi må oppføre oss, og naturlegvis medverke til at vi får den tilliten. Den må byggjast opp på nytt dersom vi på grunn av dette har mista tillit. Eg håpar vi kan arbeide saman og klare å skilje sak og person.