NRK Meny
Normal

Her blir Kongevegen opna

LÆRDAL (NRK) Her opnar ein personleg engasjert vegdirektør Terje Gustavsen Kongevegen over Filefjell i føremiddag.

Kongevegen over Filefjell

HISTORISK VEG: Etter opninga vandra alle kongevegen til Borgund Stavkyrkje der det pågår eit historisk 1800-tals bryllup mellom ein valdresbrudgom og ei sognejente.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Vegdirektøren har lenge vore engasjert i den historiske vegstrekninga mellom aust og vest og fekk æra av å opne den nyrestaurerte kulturminnet mellom Lærdalsøyri og Vang i Valdres.

Sju år, 20 millionar kroner, 40 sherpaer og 20 000 arbeidstimar har gått med til å ruste opp tre delstrekningar av den historiske vegen. Kongevegen vart beordra bygd av kong Christian VIII og var den første køyrevegen mellom aust og vest i Norge, bygd frå 1793 og utetter.

  • Les også: Feira opninga av kongevegen med historisk bryllaup
    Kongevegen over Filefjell, Terje Gustavsen

    NO ER DET OFFISIELT: Vegdirektør Terje Gustavsen har nett opna Kongevegen. Frå venstre fylkesordførar Jenny Følling, ordførar Jan Geir Solheim i Lærdal, vegdirektør Terje Gustavsen, ordførar Vidar Eltun i Vang og fylkesordførar Even Aleksander Hagen i Oppland.

    Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

– Og hugs at alt er gjort for hand, sa Geir Vetti då han helsa arbeidet på vegner av sherpaene.

Dei kunne ikkje kome til opninga, då dei er på Kebnekaise for å bygge ein annan veg.

Kulturminne

Vegdirektør Gustavsen rosa initiativet og arbeidet med Kongevegen og hadde ikkje tal på kor mange gonger han hadde vore i Lærdal i samband med prosjektet.

– Kongevegen er eit godt døme på at mange får ting til, dersom ein berre vil. Dette kulturminnet er også eit eksempel på at kulturminne og næring kan gå saman.

Direktøren var ikkje det minste ottefull for at kongevegen i framtida vart teken godt vare på etter alt arbeidet som er lagt ned.

Den gamle Kongevegen over Filefjell vart bygd i 1763. No er han ferdig restaurert.

VEGOPNING OG BRYLLAUP: Vegdirektøren opna Kongevegen, og etterpå var det duka for eit bryllaup mellom to familiar frå kvar si side av Filefjell. (Foto/redigering: Christian Blom)

Fleire hundre menneske var møtt fram til opninga der både fylkesordførar Jenny Følling i Sogn og Fjordane og fylkesordførar i Oppland, Even Aleksander Hagen var til stades saman med stortingspolitikarar, Riksantikvaren og andre. Jenny Følling trekte historiske liner ved å nemne at ferdselsåra Lærdal går svært langt attende.

Kongevegen opna

KOSTYMER: Under feiringa er fleire utkledd i historiske kostymer. Her frå opningseremonien ved botnen av Vindhella.

Foto: Fotograf Christian Blom AS

Rik historie

– Det var eit blodslit for dei som bygde vegen den gong. Og det har vore eit godt arbeid for dei som har restaurert den no. Dei har fått brynt seg på vegmuring og på å bygge bruer etter ein veginstruks frå 1700-talet, sa Følling.

– Ingen veg er meir verd å feire enn Kongevegen over Filefjell, sa Marit Huuse frå Riksantikvaren.

Vegstrekninga hjalp mellom anna Eidsvoll-menn frå Vestlandet til Eidsvoll for å skape demokratiet vårt i 1814.

Feiringa held framleis på i Lærdal og i Valdres. Mellom anna pågår eit historisk bryllaup ved Borgund stavkyrkje, og i Vang går eit historisk tablå av stabelen seinare i ettermiddag.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.