Hopp til innhold

Her blir den ryggskada mannen redda etter å ha rulla 50 meter utfor

Mannen skulle berre snu seg og snakke med kona, då han tråkka feil og rulla 50 meter nedover den bratte lia.

Her blir mannen redda av helikopteret

BRATT FJELL: Ein redningsmann og ein lege frå redningshelikopteret klarte å fire seg ned til den skada mannen.

Foto: Arne Veum / NRK

Mannen i 50-åra var ein del av eit stort turfølgje som hadde vore på fjellgarden Nedbergo i Aurland i samband med Geitostfestivalen i Underdal. Turleiar Mathilde Friid fortel kva som skjedde.

– Det er bratt der, så han sklei først nedover eit jorde og inn i nokon tre, og der stogga han. Då vi kom ned til han hadde han smerter i ryggen. Då ringde vi AMK, og etter ei stund blei han henta. Då han drog hadde han smerter i ryggen, men han var heilt medviten.

Visste at stien var sleip og glatt

Friid fortel vidare at stien ned frå Nedbergo var sleip, men at dette var noko turgåarane var klar over.

– Det har jo vore litt ulikt vêr dei siste dagane, så stien var sleip. Men det visste vi jo, og alle som gjekk opp, gjekk jo ned att også. Folk visste korleis forholda og stien var, fortel Friid.

– Kva tenkte du då du såg at mannen falt utfor skrenten?

– Det er jo ei ekkel kjensle, ein trur jo alltid det verste. Vi var ein gjeng på fire personar som sat med han. Alle var rolege og alle hjelpte til, det gjorde situasjonen enklare.

Aurland Røde Kors var i beredskap

I BEREDSKAP: Mannskap frå Aurland Røde Kors var klar til å rykke ut frå Underdal dersom helikopteret ikkje hadde lukkast å hente ut pasienten.

Foto: Arne Veum / NRK

Henta ut med helikopter

AMK fekk melding om ulukka om lag klokka 16.15 fredag ettermiddag, og sende først eit ambulansehelikopter til området.

Etter kvart blei redningshelikopteret kopla inn, og om lag klokka 19.20 blei mannen heist opp til Sea King-helikopteret og frakta vidare til Førde sentralsjukehus.

– Vi har no fått melding om at mannen no er heist opp i helikopteret og dei har sett kursen for sjukehus, fortalde redningsleiar Johann Mannsåker til NRK.

– Svært uheldig hending

For turleiar Mathilde Friid blei det ei heilt anna turoppleving enn ho hadde tenkt då ho la ut på vegen først opp, og så ned att frå Nedbergo.

– Eg har tenkt på om noko kunne vore gjort annleis, men det var det ikkje i dette tilfellet. Det er eit uhell, det er ein sti der folk har gått i fleire hundre år med både sauer, kyr og folk. At ein mann sklir ut og skadar seg under ein festival er svært uheldig, seier ei utmatta Friid til NRK.