- Vi har sett inn eitt helikopter, og ventar på eit helikopter til. Sikta er langt betre no enn tidlegare, og med helikopter kan ein søkje i eitt mykje større område, seier lensmann på Voss, Kåre Rykke.
18 snøskuterar, 40 mann og sju hundar er no med i leitinga. Søket starta opp att for fullt klokka 7 i dag tidleg. Det er litt lettare vêr i dag.
Skredfare
Stor skredfare og bratte fjellsider gjer at det er store område leitemannskapa ikkje har tatt seg inn i, og her er helikoptersøk heilt avgjerande.
Leitemannskapa har gjennomsøkt alle hyttene i søkeområdet, men politiet utelukkar ikkje at mannen kan ha gått lenger enn dei til no har trudd. Mannen kan òg ha overlevd ved å grave seg ned.
Vêrutsiktene utover dagen i dag er bra, men frå i morgon ser det dårlegare ut att. Dersom mannen ikkje er funnen innan den tid, kan leitinga bli trappa ned.
Leitinga har vart sidan tysdag morgon, etter at 34-åringen måtte tilbake etter det som skulle vere ein dagstur måndag. Tekstmeldingar frå mannen seint måndag kveld tyda ikkje på at han var i vanskar, men at han måtte overnatte i fjellet.