Helikopter fann tyskarar i havsnaud

Dei fire tyskarane som fekk motorhavari på Åfjorden i Hyllestad vart henta av redningsskøyta Utvær klokka 18.34 onsdag kveld.

- Dei dreiv utover Åfjorden, dei hadde ikkje årar i båten som dei kunne hjelpe seg med og dei visste heller ikkje kvar dei var i fjorden, fortel operasjonsleiar hos politiet, Wenke Hope.

- Ikkje dramatisk

Luftambulansen og redningsskøyta vart sett inn for å leite etter tyskarane. Politiet frykta at tyskarane kunne ha drive til havs, men tyskarane vart raskt oppdaga lenger inne i fjorden enn først frykta.

- Dette er ikkje så dramatisk som me først trudde. Dei ligg lenger inne i fjorden enn venta, og vinden er rolegare enn me trudde, kunne operasjonsleiar hjå politiet, Inge Verøy, fortelje NRK onsdag kveld.

I god behald

Om lag ein time etter at helikopteret fann den 21 fot store cabincruisaren til tyskarane, fekk redningsskøyta frå Solund både båt og passasjerar tilbake Sørbøvåg, der dei hadde reist ut frå. Alle dei fire tyskarane var i god form.

Politiet fekk melding om motorhavariet kl 17.03.

Over 3000 asylsøkjarar har forsvunne siste året.
  
Heile villreinstammen på Nordfjella, nær 2000 dyr, bør utryddast snarast råd. Det meiner forskarar etter at det i fjor blei påvist skrantesjuke. 
I dag møttes forskarar, politikararar og forvaltninga, for å diskutere den vidare kampen mot smitta.
Mange hoppbakkar i Norge ligg som attgrodde monument frå ei gløymd stordomstid. Og utan hoppbakkar forsvinn også skihopparane. Men på Hafslo i Sogn og Fjordane held brødrene Lomheim hoppsporten i live med hundrevis av dugnadstimar, i håp om ein gong å sjå nye rekruttar sleppa seg frå bommen.