Hopp til innhold

Heggø og Bremer tildelt komitear

Ap-politikarane Ingrid Heggø og Tor Bremer er tildelt stortingskomiteane dei skal sitje i dei neste fire åra.

Ingrid Heggø og Tor Bremer

Både Ingrid Heggø og Tor Bremer (begge Ap) meiner å sitte i ein viktig komité for Sogn og Fjordane.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Fordelinga av komiteplassar på Stortinget syner at Ingrid Heggø frå Høyanger skal sitje i næringskomiteen, og Tor Bremer frå Luster skal sitje i kyrkje-, utdannings og forskingskomiteen.

- Ungdomen viktigast

Bremer gler seg til fire år med ekstra fokus på kyrkje, utdanning og forsking. Gardbrukaren frå Hafslo har tidlegare vore fylkesvaraordførar og leiar av Sogn og Fjordane Arbeidarparti. Han skildrar komiteen som av dei viktigaste for fylket.

- For det første er ungdomane den aller viktigaste ressursen for Sogn og Fjordane og Norge. I høve opplæringspolitikken er den heilt sentral. Den andre grunnen er at det viktigaste krysningspunktet i den regionale utviklinga, er nett opplærings- og forskningsinstitusjonane, seier han.

Nøgd Heggø

I førre periode sat Heggø i justiskomiteen, og i valnemnda som fordelte dei ulike komiteplassane i Arbeidarpartiet. Ho er nøgd med å sitje i næringskomiteen.

- Eg er utruleg godt nøgd med å ha hamna i ein så viktig komité. Det er særskilt viktig for Sogn og Fjordane å vere representert i denne komiteen, spesielt på grunn av at vi har mange verksemder innan privat verksemd og eksport, seier ho.

Sande og Lødemel saman

I tillegg til dei to Ap-politikarane, vart det onsdag kjent at Bjørn Lødemel (H) skal sitje i energi- og miljøkomiteen dei neste fire åra . Der får han selskap av mellom andre Erling Sande (Sp).

Den siste Stortingspolitikaren frå fylket, Åge Starheim (Frp), held fram i kommunalkomiteen.

TRUR DU STORTINGSPOLITIKARANE FRÅ FYLKET VIL GJERE EIN GOD JOBB FOR FYLKET I SINE KOMITEAR? SEI DI MEINING UNDER.