NRK Meny

Har tilsett rådgjevar

Fylkesordførar Jenny Følling (Sp) har tilsett Ole-Matias Nes som sin politiske rådgjevar. Nes er lokallagsleiar i Sogndal Sp. Det var svært omstridd då Senterpartiet, Arbeidarpartiet og KRF nyleg sikra fleirtal for at rådgjevaren kunne få fast stilling ut over den fireårige fylkestingsperioden. Men Følling opplyser i dag at dei ikkje har nytta seg av den moglegheita, og at han berre er tilsett for fire år.