Hopp til innhold

– Ikkje la alkoholforbruket gå på bekostning av borna

Mange born opplever ikkje jul- og nyttårsveka som den koselege familietida det skal vere. – For mange heng god mat og drikke saman, seier regionlensmann Arne Johannessen i Sogn.

Arne Johannessen

SOLIDARITET: Regionlensmann i Sogn Arne Johannessen oppmodar om å vere varsam med alkohol rundt born. – Eg gjer det av solidaritet med dei minste som ikkje har noko val, som må vere med i den situasjonen som blir skapt rundt dei, seier han.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

For når mamma og pappa har teke seg eitt glas for mykje med alkohol, forsvinn kosen. Igjen sit eit barn med knuste håp og knuste draumar.

Og vissa om at det vart akkurat slik i år som i fjor.

– Det er foreldra sitt eige ansvar og fridom, men det er viktig at denne fridomen ikkje går føre solidariteten til borna, seier regionlensmannen i Sogn.

– Skal lite til

Arne Johannessen er sjølv fråhaldsmann og oppteken av at vaksne lar borna sine behov kome framfor sine eigne.

For det skal ikkje mykje alkohol til før borna merkar ei åtferdsendring hos vaksne.

– Den endringa fører til uvisse når borna ikkje opplever foreldra heilt slik dei plar vere, seier regionlensmannen.

Høglydt krangel

Nelli Kongshaug, leiar for Røde Kors sin hjelpetelefon for born under 18 år, Kors på Halsen, er samd. Gjennom jula blir dei kontakta av born med behov for å snakke med ein vaksen om ulike tema.

Leder av "Kors på halsen", Nelli Kongshaug.

KORS PÅ HALSEN: Nelli Kongshaug er leiar for staden der born og ugne kan maile, chatte eller snakke om ting som er viktige for dei.

Foto: Hanne Kari Fossum / NRK

Alkohol har i større grad enn tidlegare vore tema i år. Fleire opplever høglydte diskusjonar og kranglar rundt middagsbordet.

– Mange opplever det som problematisk når mor, far, eller for den del andre slektningar, får i seg for mykje alkohol og dette påverkar stemninga. Då har vi vaksne gjerne ein tendens til å ikkje oppføre oss ordentleg, seier Kongshaug.

Har sjølv rykt ut

– Du skal kose deg, ja, men du må tenkje over at det går an å kose seg med born utan alkohol også. Ytterpunktet er at både politi og helsevesen må «rydde opp i» situasjonar der det har gått for langt, held regionlensmann Johannessen fram.

Han er oppteken av at born og unge skal ha det trygt og godt.

– Eg har sjølv minne om utrykking i romjula til heimar, der det har gått veldig langt. Der borna blir sitjande som vitne til det som skjer. Det er ikkje noko hyggeleg, held han fram.

– Snakk med foreldra

Kongshaug i Røde Kors oppmodar born om å snakke med foreldra sine.

Ho har inntrykk av at nyttårshelga er ei større festhelg og er budd på større pågang frå born og unge hos Kors på halsen.

– Det er fint å seie før høgtida korleis ein opplever det. Å seie at det er vanskeleg, kva ein er redd eller uroa for. Er det vanskeleg å gjere med foreldre, så er det viktig å få delt dette med ein annan slektning eller nabo, og få råd om kva ein kan gjere, seier ho og oppmodar vaksne om å opne augo for born som kan ha det vanskeleg.

– Det er eit vanskeleg tema, men ser eller høyrer vi om nokon som ikkje har det bra, så er det lov å invitere dei heim til seg. Eller å ta det opp med foreldra.