Hopp til innhold

Har nervene i høgspenn framfor sesongens viktigaste kamp

I kveld er det duka for årets viktigaste fotballkamp for Sogndal. Den kan avgjere om Sogndal framleis spelar i eliteserien neste år, eller må ta den sure turen ned i 1. divisjon.

Vidar Vadseth og dottera Julie framfor huset på Stedje

KAMPKLARE: Leiar for supportarklubben Saftkokarane, Vidar Vadseth, saman med dottera Julie Vadseth (5). Han lovar at han står fast med laget uansett korleis det går i den siste kampen i årets eliteserie i fotball.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Nervane er i høgspenn. Eg prøvde å klippe ut noko eg skal henge opp på fotballstova mi, men det blei skeivt og j …, seier Vidar Vadseth, som er leiar i supportarklubben Saftkokarane.

Han er ein mange som no går rundt med ein klump i magen, men uansett kva som åte blir resultatet på Fosshaugane i kveld, så sviktar han ikkje laget sitt.

– Eg er fødd og oppvaksen i Sogndal og har følgd laget sidan eg var liten gutunge. Når ein først har funne eit fotballag så sviktar ein ikkje dei. Du kan byte ut alt anna her i livet, både bil og kjerring, men fotballag byte du aldri.

Laster innhold, vennligst vent..

Duka for dramatikk

I Songdalsstallen vedgår assistenttrenar Tom Mangersnes at der duka for intensitet og høgdramatikk i kveldens møte med Stabæk.

Tom Mangersnes

AVGJERANDE KAMP: Assistenttrenar Tom Mangersnes.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

– Det blir spanande både for oss og ikkje minst trur eg for alle dei som sit på tribunane, og andre som sit og følgjer med rundt om i fylket.

Det er ikkje første gongen at Sogndal er i denne situasjonen. I 2012 låg dei også kvalik-plass før siste seriekamp der dei skulle ha Brann heime, også den gongen var dei avhengige av at andre resultat skulle slå inn til deira fordel.

– Det gjorde vi den gongen og vi kraup opp på ein sikker plass den dagen. I fjor var situasjonen den at det var nokon som kunne ta oss igjen. Det klarte dei ikkje på grunnlag av den siste kampen. I år er utgangspunktet litt annleis igjen, seier Mangersnes.

På nedrykksplass

I år er situasjonen nemleg den at framfor kveldens kam ligg dei på 15. og direkte nedrykksplass med 24 poeng. For å ha håp om å vere laget som får spele kvalifisering, må Sogndal vinne mot Stabæk.

– Det er aldri kjedeleg å vere Sogndal-supporter. Anten kjempar vi for å unngå nedrykk, eller så kjempar vi for å rykkje opp, seier Vadseth.

– Eg står sjølvsagt med laget uansett. Vi har rykt ned før og rykt opp att like mange gonger, så skulle så gale skje, så blir det sikkert ein sesong der vi spelar om opprykk på slutten av sesongen.

(SAKA HELD FRAM UNDER TABELLEN)

Laster innhold, vennligst vent..

Avhengige av andre

Men ikkje berre må Sogndal spele sin livs kamp i kveld, dei er og avhengige av at erkerivalen Brann taper borte mot Haugesund. Spelar Brann uavgjort må Sogndal vinne med tre mål eller meir.

– Alt har sin slutt, og i dag er det siste serierunde med all den dramatikken det inneber for Sogndal denne gongen. Det viktigaste for oss blir no å halde fokus på den jobben vi skal gjere, vi kan ikkje påverke det som skjer i Haugesund, seier Mangersnes.

i Saftkokaradn har leiaren eitt råd og ei oppmoding til spelarane framfor kampen.

– Det viktigaste i dag er å gå ut på bana, brette om ermane og springe til du har blodsmaken i kjeften og trø til i alle duellane. Det er lov å bli sliten, og blir du sliten så er det lov å bli bytta ut slik at ein får innpå friske folk.

– Eg forlanger berre at alle spelarane gjev absolutt alt, så enkelt er det.