NRK Meny
Normal

Trenar kvar dag: – Det vert ein livsstil

Anna Tråve har sprunge over heile landet i 35 år. Torsdag var ho travelt opptatt med å arrangere og springe Storehaugen Opp.

Anna Tråve

SLITAR: Anna Tråve var ikkje nøgd med tida si, men svært nøgd med dagen i Lærdal.

Foto: Jan Christian Jerving

– Det er bratt, det er tøft, det er hardt, seier ein sliten Anna Tråve frå Borgund.

Kristi Himmelfartsdag sprang 300 mosjonistar og 116 aktive det knallharde Storehaugen Opp. Motbakkeløpet går over 3,7 kilometer frå sentrum av Lærdal og opp til Storehaugen, som ligg 908 meter over havet.

Det høyrest kanskje ikkje langt ut. Men løypa har ein stigning på nær 25 prosent, brattare enn dei brattaste stigningane i sykkelløpa Tour de France og Vuelta de Espana.

– Det er ein livsstil

Anna Tråve veit kva ho snakkar om. 59-åringen har sprunge og konkurrert i 35 år. Først halvmaraton og maraton, og dei seinare åra motbakkeløp.

Sidan ho starta i 2009 har ho sprunge rundt 50 knallharde motbakkeløp, som verkeleg slit på kroppen. Enkelte vil lure på kvifor nokon vil seg sjølv så vondt. Men for Anna Tråve er svaret enkelt.

– Eg elskar å konkurrere. Eg elskar å trene, seier ho entusiastisk.

For løpsmaskina trenar. Ho trenar mykje.

– Eg trenar kvar dag. Ikkje like mykje alle dagar, men eg spring kvar dag.

Når ho trenar mykje, spring ho i fjellet. Turar på 2-3 timar.

– Det er ein livsstil, forklarar Tråve.

(Artikkelen held fram under biletet)

Storehaugen Opp

START: Her er deltakarane berre så vidt starta. Men etter 908 knallharde hødemeter venta ei god kjensle, strålande vêr, og fantastisk utsikt.

Foto: Jan Christian Jerving / NRK

Er med å arrangere

Årets Storehaugen Opp vert arrangert av det Anna Tråve kallar ei lita, effektiv gruppe på fem personar. Ho er ein av dei.

Dei 116 aktive og 300 mosjonistane fekk verkeleg nyte ein vakker dag i Sogn. På toppen venta tilfredsstillinga over å ha gjennomført, strålande vêr og ei nydeleg utsikt.

– Det har vore ein kjempedag. Vi arrangørane er så nøgde, seier Tråve.

Stian Hovind-Angermund

NY REKORD: Hovind-Angermund vinn Storehaugen Opp.

Foto: Jan Christian Jerving / NRK
Merete Helgheim

GLOPPEN: Vinnar i kvinneklassen, Merete Helgheim.

Foto: Jan Christian Jerving / NRK

Men ho måtte sjølvsagt springe også.

Ny løyperekord

Vinnar i herreklassen vart Stian Hovind-Angermund frå Varegg IL. Han sprang på tida 31.18, som er ny løyperekord.

– Eg fattar ikkje korleis det er mogleg å springe så fort, kommenterer Anna Tråve.

I kvinneklassen vann Merete Helgheim frå Gloppen friidrettslag med tida 40:59.

Og Anna Tråve sprang på 46.33.

– Eg har vore forkjøla, så eg er passe nøgd. Eg er veldig nøgd med dagen, men eg er ikkje så nøgd med tida.

– Du er ikkje lik alle andre 59-åringar?

– Nei, eg er kanskje ikkje det, ler Anna Tråve.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå