Hopp til innhold

Sharon har gjort dette til levebrød

Ei bryllaupskake i 2004 vart starten. 10 år seinare er kaker blitt heiltidsgeskjeft for Sharon Rolland. Frå vesle Vadheim driv ho nettbutikk med heile landet som marknadsplass.

Sharon Rolland

FORMFULLE FARGAR: Eit knippe kaker, slik Sharon Rolland gjerne lagar dei.

Foto: Privat (montasje)

«Det er ein trend som kom over til Europa frå USA. Det har eksplodert dei siste åra.»

Sharon Rolland

– Den største kundegruppa mi er mødrer med små barn som har lyst å lage kaker. Særleg kaker til bursdagar, og dei som har konfirmantar. Dei vil gjerne ha noko ekstra som pyntar opp borda, fortel kvinna bak nettbutikken kakeboksen.no.

Starta i USA

34-åringen har gjort hobbyen til levebrød. I år reknar ho med ein omsetnad på mellom to og tre millionar kroner.

– Det har blitt litt for stort til å kunne kallast berre ein hobby. Det har blitt eit levebrød, seier Sharon Rolland.

Sharon Rolland

SKAPTE SIN EIGEN ARBEIDSPLASS: Sharon Rolland.

Foto: Privat

Inntektene kjem frå sal av bakeutstyr. Ingrediensar, former til figurar, pynt og oppskrifter. For fyrstekaker, eplekaker og anna tradisjonell norsk kaffimat er ikkje nødvendigvis det som blir sett på bordet når unge kvinner anno 2014 skal gjere seg flid. No er det kaker med avanserte, fargerike motiv som gjeld. Både fullskala kaker, og mindre cupcakes, den amerikanske versjonen av muffins.

– Det er ein trend som kom over til Europa frå USA. Det har eksplodert dei siste åra, fortel den kakefrelste småbarnsmora.

Vart hekta

Ho kjem sjølv opphavleg frå Nederland, men det var først etter at ho kom til Norge at kakeinteressa tok av. Her vart ho kjent med fenomenet gjennom ei venninne som hadde vore på homeparty og kjøpt seg utstyr til å bake kaker.

– Eg byrja med å bake ei bryllaupskake til søstera mi i 2004. Då vart eg så hekta at då eg kom tilbake vart eg håndbakeforhandlar for eit firma. Det gjekk så bra at etter kvart hadde eg lyst til å starte for meg sjølv.

I 2009 vart lysta så stor at Rolland starta nettbutikke Kakeboksen.no.

– Ei stund baka eg ganske mange kaker, men etter kvart så vart Kakeboksen så stor at no er det berre sal av kakeutstyr slik at folk kan lage sine eigne kaker.

Mange tek kontakt

Etter fem års drift blir det i dag for det meste berre bakst til eige bruk, til nærmiljøet og ikkje minst for å kunne ta bilete til å marknadsføre produkta ho sel i nettbutikken. Mellom anna set 34-åringen, som korkje er kokk eller konditor, saman sine eigne oppskrifter på det ho på nettet kallar «månadens prosjekt».

– Kvar dag blir eg kontakta av folk. Enkelte sender til dømes bilete av ei kake med spørsmål om kva utstyr dei treng for å lage ei slik kake.

– Særleg er måndagane travleg, legg ho til.

Kake

KAKEKUNST: Forutan sal av bakeustyr gir Sharon Rolland steg-for-steg-tips til korleis bakeglade kan få til ei kake til dømes som denne.

Foto: Privat

Via Posten blir det meste ein treng, og det ein kanskje ikkje visste at ein trengde, sendt til kundane. Då er det ikkje nøye om Vadheim er ein liten stad ved Sognefjorden med knapt 400 innbyggjarar, meiner kake-gründeren.

– Vi bur ganske sentralt i forhold til Posten. Dei leverer pakkane våre raskt ut til kundar over heile landet.

– Alle kan bake

«God planlegging er viktig. Pynten må lagast i lang tid før ein lagar sjølve kaka.»

Sharon Rolland

– Kva har vore nøkkelen til suksess?

– Eg trur det har mykje å gjere med at ein har stor lidenskap til det ein driv med, slik at folk har trur på det du sel.

Skal ein lykkast må også marknadsføringa treffe, trur Rolland.

– Eg har fått gode tilbod frå ulike blad og magasin på annonsering og eg sel ein del gjennom Facebook-sida mi.

Sida hennar har over 30.000 «liker». Også omtale på ulike bloggar hjelper til med å gjere Kakeboksen kjend.

– Men kan kven som helst laga kaker slik som dei du viser fram?

– Eg brukar å seie at utstyret er halve arbeidet. Med det rette utstyret får ein til det meste. God planlegging er viktig. Pynten må lagast i lang tid før ein lagar sjølve kaka, slik at ein kan bruke god tid. Absolutt alle kan lage dette, seier den kakefrelste vaimingen.