Hopp til innhold

Har funne syndaren bak kloakkutsleppet

Ved hjelp av mjølk fann ein i ettermiddag kjelda til kloakkutsleppet som den siste tida har forureina Jølstra-elva i Førde.

I elva Jølstra i Førde har dei passerande sett dopapir og avføring elva. For å finne syndaren vart liter mjølk teke i bruk.

SJÅ VIDEO: I elva Jølstra i Førde har dei passerande sett dopapir og avføring elva. For å finne syndaren vart liter mjølk teke i bruk.

– Vi har gått frå hus til hus og tømd mjølk ned i klosetta, fortel leiar for teknisk drift i Førde, Bernhard Øberg.

Framgangsmåten kan verke veldig utradisjonell, men mjølk blandar seg godt med vatn, og det vart dermed lettare å sjå kvar utsleppet kom ifrå.

Det viste seg å vere vanskeleg å finne kjelda til utsleppet.

– Vi hadde ingen indikasjon på kva hus denne feilkoplinga kom ifrå. Vi måtte berre begynne i den eine enden og gå systematisk til verks.

Ei tid vurderte dei til og med å nytte bordtennisballar for å finne syndar-klosettet.

– Vi har vore innom nærare tjue klosett, og brukt over ti liter mjølk før vi fann syndaren, fortel Øberg.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kloakk i Jølstra
Foto: Marte Halsør og Stine Kyrkjebø Johansen

Eit lite utslepp

Det var då kommunen skulle renovere vatn- og kloakkanlegget at det vart registrerte at det var komme litt kloakk ut i Jølstra-elva.

– Kor stort utslepp er det snakk om?

– Vi rekna oss fram til at det var eit klosett som var kopla feil, seier Øberg.

– Ureininga er mest visuell. Du ser at det kjem noko flytande på elva som gjerne ikkje skulle vore der, men ureininga frå kloakkutsleppet er altså ikkje stort.

Tidkrevjande arbeid

Dei har visst om utsleppet sidan månadsskiftet september-oktober. Sidan det har dei prøvd å leite frå hus til hus for å finne feilen.

Det har vore veldig tidkrevjande, og Øberg fortel at det har vore 5–6 karar i sving for å finne kjelda til utsleppet.

– Det har vore som å leite etter nåla i høystakken, seier Øberg.

– Kven er ansvarleg for dette utsleppet?

– Det har nok vore ein kommunikasjonssvikt og ein feil der ein har kopla seg på årevatnet og ikkje kloakkleidningen, forklarar Øberg.

No er klosettet stengt og det vil det vere til det har kopla seg på rett plass. Det er dermed slutt på kloakken i Jølstra.