Hopp til innhold

Har funne død person i sjøen - trur det er sakna mann

Det er gjort funn av ein død person i sjøen litt aust for Fodnes, i same området som leitemannskap i dag har leita etter ein sakna 75-åring.

Leiteaksjon på Årdalstangen

LEITA MED HUND: Mannskap frå Norske redningshunde var med på leiteaksjonen.

Foto: Andreas Aannevik / porten.no

– Usikker identitet, politi er på staden og det er beslutta obduksjon, melder politiet på Twitter klokka 19.21.

– Vi har innstilt søket i Årdal, og vi går utfrå at personen som er funnen død er den same som vi har leita etter, og det er heller ingen andre sakna i området, seier operasjonsleiar Inge Verøy til NRK.

Leita langs land

Leitemannskap har i ettermiddag gått strandsøk langs Årdalsfjorden i leitinga etter den 75 år gamle mannen som blei meld sakna måndag.

– Det er mannskap i to båtar i søk ute på fjorden, og det er også tre lag med mannskap som gjennomfører strandsøk, sa Verøy tidlegare i ettermiddag.

Ein ekvipasje frå Norske redningshunder har også vore med i leitinga.

Fann bilen i sentrum

Mannen blei meld sakna måndag og politiet gjekk først ut med ei etterlysning av mannen sin Toyota Corolla.

– Bilen vart lokalisert av tilfeldig forbipasserande. Den stod parkert på Årdalstangen, sa operasjonsleiar Olaug Holme til NRK tidlegare i dag.

Ber om tips

Det var familiemedlemer som varsla politiet om at mannen kunne vere sakna, etter at dei ikkje hadde klart å få kontakt med mannen på fleire dagar. Kva som kan ha skjedd med den sakna er heilt uvisst.

Politiet vil gjerne ha tips frå publikum i samband med forsvinningssaka, og ber folk ta kontakt på telefon 02800.

Bilen til den sakna

FANN BILEN: Den sakna mannen sin bil blei i ettermiddag funnen forlatt på Årdalstangen.

Foto: Andreas Aannevik / porten.no