Har fått drapstrugslar og hatbrev

Helsetoppar må betale ein høg pris for å setje regjeringa sin sjukehuspolitikk ut i live.

Video Sjukehussjikane

SJIKANE: Styreleiar i Helse Førde, Clara Øberg er ein av fleire helsetoppar som har motteke trugsmål.

Det har blant andre styreleiar i Helse Førde, Clara Øberg, fått merke.Ho har fronta helseføretaket sitt vedtak om å leggje ned føde- og akuttenester ved Lærdal og Nordfjord sjukehus.

Prisen ho har betalt er blant anna fleire titals sjikanerande smsar og brev.

- Folk ønskjer meg død

- Det verste er at folk ønskjer deg død, at vi i styret og familiane våre skal bli verkeleg sjuke.

- Ein ting er å tenkje det, men når du maktar å skrive det, då er mennesket kome langt i sine vonde tankar og ønskje for andre personar, seier Øberg.

Anonymt brev

TRUGSMåL: Eit av dei anonyme, sjikanerande breva Øberg har motteke.

Foto: NRK

Trugsmåla og den personlege hetsen mot Øberg og andre medlemmer i Helse Førde-styret blei meir intens etter at styret la fram planar om å ta vekk føde- og akuttilbod ved sjukehusa i Lærdal og Nordfjordeid i mars i fjor.

Starta på dåpsdagen til barnebarnet

- Eg hugsar godt då dette byrja for alvor. Det var den dagen det fyrste barnebarnet mitt blei døypt. Då eg kom ut av kyrkja etter den times lange gudstenesta, hadde eg fått 17 tekstmeldingar på telefonen min, og det var berre sjikane.

- Då eg sette meg i bilen, tenkte eg: Er det mogleg? Det var det, og verre skulle det bli, seier Øberg.

- Men når du vedtek å leggje ned sjukehustilbod som er viktige for tryggleiken til folk. Er det ikkje rett og rimeleg at du får sterke reaksjonar?

- Jo, eg skal tole hard sakleg debatt, men grensa går ved personlege åtak i form av sjikane og dødstruslar, seier Øberg.

- Helseministeren gav full støtte

Dei mange ordførarane som sat i salen då Øberg presenterte dei dramatiske nedskjeringane i mars i fjor, oppfatta at helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen (Ap) gav full støtte til kuttforslaga.

Nordfjord sjukehus

KUTT I TILBODET: Nordfjord sjukehus

Foto: Ottar Starheim / NRK

Og i løpet av fjoråret vedtok både Helse Førde og Helse Vest å leggje ned føde- og akuttenester ved dei to lokalsjukehusa.


Men motstanden blei formidabel. Helseministeren fekk demonstrantar og Senterpartiet i strupen. Sjukehusstriden i Sogn og Fjordane hamna på statsråden sitt bord.

No er det ikkje sikkert at ho vil godkjenna kutta likevel, og det er uvisst når Regjeringa tek ei endeleg avgjerd i saka.

Vraka

Styret i Helse Førde har gjort det ministeren vil, men det er styreleiar Clara Øberg og andre styremedlemmer som har måtta ta storparten av støyten lokalt.

Clara Øberg og Harry Mowatt.

VRAKA: Harry Mowatt og Clara Øberg.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Øberg og styrekollega Harry Mowatt, begge Ap, blei vraka frå gjenval til fylkestinget, og det på grunn av ei sak: striden om lokalsjukehusa.

LES OGSÅ: Vraka på grunn av styreverv

- Politisk død

Mange styremedlemmer i helseføretak over heile landet har opplevd det same som i Helse Førde. I Aust-Agder trekte den tidlegare statssekretæren og Ap-ordføraren May Britt Lunde seg frå fylkestingsnominasjonen.

På nyåret erklærte Lunde seg politisk død fordi ho hadde vore med å vedta upopulære sjukehuskutt som nestleiar i styret for Sørlandet sykehus.

I Møre og Romsdal sa regjeringa fyrst at dei ville byggje nytt sjukehus i Molde. Den kampen tok òg styremedlem Oddbjørn Tomren. Det enda med drapstrussel i fjor haust.

toralv mikkelsen

STYRELEIAR: Toralv Mikkelsen, Helse Fonna

Foto: NRK

Og i Hordaland i oktober i fjor blei styreleiaren i Helse Fonna, Toralv Mikkelsen, samanlikna med nazi-forrædarar under Den andre verdskrigen.

- Tykkjer ikkje synd på ho

Leiar Svein Hansen i sjukehusaksjonen i Nordfjord uttalte i fjor at det var forståeleg at Clara Øberg og Harry Mowatt mottek sjikane og trugsmål.

Knut Leirgulen

SJUKEHUSFORKJEMPAR: Knut Leirgulen

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Ei anna eldsjel i aksjonen, Knut Leirgulen, seier at han ikkje støttar sjikane i sjukehusdebatten, men at også han kan forstå at folk hetsar Øberg:

- Ho har sett seg i den situasjonen sjølv, så eg tykkjer ikkje synd på ho. Ho burde ha trekt seg frå styret i Helse Førde for lenge sidan, seier Leirgulen.

Han legg til:

- Men sjikane høyrer ikke med. Det er klart vi må prøve å kjempe mot slikt - det er ikkje på den måten ein skal drive politikk, understrekar Leirgulen.