Hopp til innhold

Han skal leie det nye styret i FFO

Carl Thorodd Cock og det nye styret i FFO Sogn og Fjordane vart under det ekstraordinære årsmøtet laurdag valt slik det var innstilt av valnemnda.

Thorodd Cock

NY LEIAR: Carl Thorodd Cock er ny leiar i FFO Sogn og Fjordane.

Foto: Skjermdump / Facebook

– Alt eg kan seie er at vi har hatt eit greitt møte og at styrevalet gjekk etter innstillinga, seier FFO-leiar i Norge, John Berg-Jensen, etter det ekstraordinære årsmøtet.

FFO i Sogn og Fjordane vart i februar sett under administrasjon og styret vart avsett av organisasjonen sentralt. Bakgrunnen for dette var påstandar om tilhøva i fylkeslaget.

74 år gamle Carl Thorodd Cock tek no over som leiar i FFO Sogn og Fjordane etter Gerd Bjørkedal. Cock sat også i det opphavlege fylkesstyret som vart avsett, men fekk vere med i det nye settestyret som skulle fungere fram til ekstraordinært årsmøte.

Styret som er valt i dag skal sitte til det ordinære styremøtet i FFO i starten av juni.

Har ikkje konkludert med ekskludering

– Vil den tidlegare leiaren bli ekskludert frå organisasjonen?

– Vi har berre fått på plass eit nytt styre, og saka er ikkje handsama i høve ekskludering. Dette er eit større sakskompleks. Det vert uansett det nye styret som eventuelt må sjå på ei slik sak, seier Berg-Jensen.

Han ønskjer ikkje å kommentere om dette er aktuelt eller ikkje.

– No må det nye styret få ta fatt på dei arbeidsoppgåvene som ligg framfor dei, seier Berg-Jensen.

Lite har komme fram konkret om kva tilhøve det er snakk om i fylkesstyret som førte til at det gamle styret vart avsett.

Har vore svikt i dei økonomiske rutinane

– Er dette av ein slik karakter at det vil bli ei politisak?

– Det er det nyvalde styret som har overteke saka, seier Berg-Jensen.

– Men har det skjedd noko kriminelt?

– Vi snakkar om eit større sakskompleks her. Det er det nye styret som må vurdere dette, men det har vore svikt i dei økonomiske rutinane, seier Berg-Jensen.

NRK har ikkje lukkast i å få kommentar korkje frå den nyvalde leiaren Carl Thorodd Cock eller den avsette leiaren Gerd Bjørkedal.

– Stemte blankt

Leiar i Parkinsonforeininga i Sogn og Fjordane, Turid Breidalen, var ein av 15 røysteføre under valet av styre. Ho seier det var fire blanke stemmer i valet av Cock som styreleiar. Blant dei var hennar og den andre røysteføre frå Parkinsonforeininga.

Bakgrunnen for å stemme blankt er at ho meiner prosessen med avsetting av det tidlegare styret har vore trist og at den har verka uryddig.

– Vi ville vise at vi ikkje likte måten dette er gjort på. Vi synest det var ei trist avsetting av styret, fordi vi veit ingenting om kvifor, seier Breidalen til NRK.no.

Ifølgje Breidalen skal det også ved valet av dei andre styremedlemmene ha vore fleire blanke røyster.

Utfordrar organisasjonane

Gunn Sande, fylkesleiar i Autismeforeininga, var også på dagens ekstraordinære styremøte. Ho registrerer at snittalderen på det valte styret er høg. Sande meiner organisasjonane må tenkje over om det er slik dei vil ha det.

– Eg vil utfordre alle organisasjonane under FFO i fylket å spele inn styrekandidatar til det ordinære styrevalet i juni, seier Sande.

Ho håpar det no kan bli ro i organisasjonen.

Styret i FFO Sogn og Fjordane etter ekstraordinært styremøte ser slik ut:

Leiar: Carl Thorodd Cock, NRF, Borgund

Nestleiar: Anita Æsøy, NRF, Florø

Økonomiansvarleg: Jostein Bildøy, HLF, Førde

Styremedlem: Majken Rygg, Blindeforbundet, Sandane

Styremedlem: Line Blålid, EDS, Måløy.