Hopp til innhold

Han har dokumentert 80 år med idrettshistorie

Denne helga feirar Lærdal Idrettslag 80 år. Ein del av feiringa er ei utstilling med informasjon og foto frå desse åra.

Magnar Ljøsne

80 ÅR MED IDRETTSHISTORIE: Magnar Ljøsne har samla informasjon og foto. Her med ein fotballdrakt og heimespøta fotballsokkar frå 1950-talet.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Det er Magnar Ljøsne, i samarbeid med Jarle Offerdal, som har samla stoffet og laga ei utstilling av det. Laurdag kan folk sjå utstillinga på Villakssenteret i Lærdal.

Eigentleg vart ikkje Lærdal Idrettslag skipa før i 1946. Det var forløparen, Lærdal Fotballklubb, som såg dagens lys i 1937, fortel Ljøsne.

– Det kom av at det var ein gjeng som var veldig interesserte i å spele fotball. Dei tok eit møte etter ei trening bak eitt av måla, og valde eit styre. Per S. Hjermann d.y. vart formann, fordi han hadde telefon.

Den same Hjermann vart også vald til leiar då Lærdal Idrettslag vart formelt skipa i mai 1946.

Fotballspelarar frå Lærdal på båt

BÅTTRANSPORT: På 1950-talet måtte dei i båt for å møte andre lag. Dette er frå ein tur til Årdalstangen. Biletet er teke av Olav Henriksen.

Tre år i 3. divisjon

Lærdal har ikkje fostra utøvarar i verdsklasse. Dei største profilane er Dagfinn Hegg Lunde, som vart norsk meister i skifeltskyting og vestlandsmeister i skiskyting, og Anna Tråve, som har gjort det godt i langdistanseløp og motbakkeløp.

Fotballspelarar frå Lærdal 1953

STILIGE KARAR: Utespelar Øyvind Aarethun (t.v.) og målmann Oskar Aspevik klare til kamp i 1953.

Foto: Olav Henriksen

I tillegg kan nemnast at Erik Aarethun i ein periode gjorde det godt nasjonalt på skeiser. Men då representerte han Gjøvik.

Fotballaget hadde sin beste periode på 1970-talet og tidleg på 1980-talet, då Magnar Ljøsne sjølv var aktiv og trenar.

– Vi starta i 6. divisjon, vann der og rykte opp. Så var vi to år i 5. divisjon, før vi rykte opp i 4. divisjon, som vi vann i 1977. Deretter hadde vi tre sesongar i 3. divisjon. Det var vi krye over.

Lærdal IL - fotballlag ca. 1980

PÅ SITT BESTE: Fotballaget til Lærdal IL på slutten av 1970-talet, med Magnar Ljøsne som trenar heilt til høgre.

«Lærdals Alma Ata»

Innan ei idrettsgrein, skøyteløp, har Lærdal vore i toppen i Sogn og Fjordane i ei årrekkje. Eldsjeler som Kåre Øyri har sytt for at lærdølene har hatt god is på bana på Lærdalsøyri. Men det var ikkje der det starta, fortel Magnar Ljøsne.

– På 1950-talet gjekk dei opp til 750 meters høgde, til Lomtjørni, som fraus til tidleg. Det var Lærdals Alma Ata. Det er ei fantastisk historie, dei bar til og med material til ei varmebu opp der, så dei fekk mykje styrketrening i tillegg til sjølve skøyteløpinga.

Lomstjørni i Lærdal - idrettshistoria

HER STARTA DET: På Lomtjørni, 750 meter over havet, laga unggutane seg skøytebane, nøyaktig oppmålt.

– Spennande

Interesse for både idrett og historie var grunnen til at Ljøsne tok på seg oppdraget med å lage utstillinga over det Lærdal Idrettslag har stått for i 80 år.

– Ein gjer ikkje slikt utan at ein er interessert i det. Det er spennande å finne fram til dokument som stadfestar ting som har skjedd. Eg har leita i arkiva til idrettskrinsen og i gamle avisarkiv.

Lærdal Il - handballdamer 1940-tal

HANDBALL: På 1940-talet vart handball ein populær sport på damesida.

På 1950-talet var det ikkje mange som hadde fotoapparat, men Olav Henriksen hadde. Han var i tillegg idrettsinteressert, og mange av bileta på utstillinga er tekne av han. Frå nyare tid har Jarle Offerdal dokumentert mykje av aktiviteten.

Storehaugen Opp

STOREHAUGEN OPP: Motbakkeløp er ein av aktivitetane i Lærdal IL i dag. Eitt av mange bilete på utstillinga som Jarle Offerdal har teke.

Foto: Jarle Offerdal

– 80-åringen i god form

Magnar Ljøsne meiner Lærdal Idrettslag anno 2017 har god aktivitet, sjølv om dei ikkje lenger har seniorlag i fotball.

– Eg tykkjer at 80-åringen er i veldig god form. Det er stor aktivitet. I dag er det ti lag i aldersavgrensa fotball og minst ti knøttelag. I turn er det faste grupper, det er skiaktivitetar i Borgund, med karusellrenn, og vi har motbakkeløp som Vangane Opp og Storehaugen Opp.

– Skøytegruppa har også karusellrenn, men dei er avhengige av kuldegrader. Det er stor aktivitet over heile fjøla, og 80-årsjubilanten er veldig oppegåande.

Lærdal IL - turnopptog

MANGE DRIV MED TURN: Troppen til Lærdal IL før eit turnstemne. Biletet er teke av Jarle Offerdal.

Foto: Jarle Offerdal