Hamzeh gjekk på biblioteket for å få norske vener

Syraren trur mange nordmenn er redde for å ta kontakt med flyktningnar.

Hamzeh Alsheiko

VIL INTEGRERE GJENNOM KULTUR: Hamzeh Alsheiko frå Syria meiner ein den beste måten å hjelpe flyktnignar å tilpasse seg det norske samfunnet, er å la dei bli ein del av norsk kulturliv.

Foto: Marie Stafsnes Osland

– Kultur er utan tvil den lettaste måten ein kan integrere seg i samfunnet på, seier Hamzeh Alsheiko.

Syraren flykta frå krigen i Syra til Norge for to år sidan. Han legg ikkje skjul på at det i byrjinga var vanskeleg å bli ein del av det norske samfunnet.

På Førdekonferansen i Florø tok syraren til orde for at kulturliv må bli ein større del av integreringspolitikken i Norge.

Fekk vener gjennom kulturen

Då Alsheiko flytta til Norge kjende han ingen nordmenn. Det var først då han byrja å gå fast på biblioteket i Bergen, at han knekte koden.

På biblioteket møtte han folk han kunne dele interessene sine med - litteratur og teater.

– No er fleire av dei eg møtte på biblioteket blitt bestevenene mine. Vi har vore på hyttetur saman og gjort andre ting.

– Lang veg å gå

På Førdekonferansen, som er ein del av Førdefestivalen, var integrering årets hovudtema.

Terje Heggheim som er rådmann i Flora, meiner Florø-folket har ein lang veg å gå når det kjem til å hjelpe flyktningar å etablere seg i det norske samfunnet.

– Florøværingane har ein jobb å gjere. Vi må bli flinkare til å seie hei, og vi må bli flinkare til å invitere flyktningar til å bli med på aktivitetar.

Han fortel at kommunen har brukt store ressursar for å betre integreringa i kommunen.

– Vi har fått folk frå NTNU til å hjelpe oss med å sjå kva vi kan bli betre på. Resultata tek vi på alvor, og har kopla på fleire frivillige lag og organisasjonar i håp om å bli betre.

Ikkje framandfientleg

Marmoth Farmad, talsperson Likestilling integrering og mangfald (LIM) var også til stades på konferansen i Florø.

Han oppdrar nordmenn til la flyktningar ta del i tilbod som allereie finst i lokalsamfunnet.

– Ein treng ikkje spesielle kurs eller aktivitetar. Det er betre å la innvandrarane ta del i dei tilboda som allereie finst.

Også han meiner nordmenn kan bli flinkare til å involvere seg med nye landsmenn.

– Nordmenn er ikkje framandfientlege, men vi er introverte. Det kan vere greitt å berre ta kontakt, for dei fleste nordmenn er hyggelege, vi er berre litt introverte.

Hamzeh Alsheiko er samd.

– Flyktningane som kjem er ofte litt usikre på om det er griet å ta kontakt. Nordmenn er kanskje litt redde for å ta kontakt, men eg trur det hadde vore utruleg bra for intereringa om nordmenn hadde litt lågare terskel for å ta kontakt.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.