NRK Meny
Normal

Har åtte terrassar og fleire hundre plantar

Helge og Karin bygde seg hus for 12 år sidan i ein furuskog på Holsen utanfor Førde. Dei har teke vare på somme av trea og etter kvart fått seg ein frodig hage med overflod av plantar.

Created by InfoDispatcher

Sjå glimt frå Grønn Glede. Heile episoden ser du på NRK1 tysdag 7. juli klokka 19.30. Foto/redigering: Heidi Lise Bakke

Helge Vallestad og Karin Svoen bur i eit tomtefelt like ved Holsavatnet i Førde i Sogn og Fjordane. Her har dei laga seg åtte terrassar rundt omkring på den 3 mål store tomta. Det er ikkje så mykje jord på tomta og dei må gjere alt for hand.

Har hundrevis av plantar

Karin Svoen og Helge Noralf Vallestad

ARBEIDSFORDELING: Det er Karin som veit korleis ho vil ha det, medan Helge er snikkar.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Heile tomta på 2,7 mål er dekt av plantar, og 300 av dei er Rhododendron.

– Vi har jo eigentleg veldig mykje Rhododendron. Det var det vi byrja med her oppe, fordi dei trivst veldig godt her. Det er sur jord og mykje furuskog i hagen vår.

Også somme av furutrea har dei teke vare på.

– Vi tykkjer at det blir litt særpreg med alle furutrea. Viss du skal plante eit tre så går det kanskje 50 år før dei blir så store om våre.

Men det blir ein del skygge på tomta av trea. Difor har dei laga mange terrassar rundt omkring. Det gjer at dei kan flytte seg litt etter sola, slik at dei alltid har ein plass i sola.

(Artikkelen held fram under biletet)

Karin og Helge har mange plattingar

MANGE TERRASSAR: Det hageglade paret har totalt åtte terrassar slik at dei kan unngå skuggane frå furutrea.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Helge snikrar og Karin er arkitekten

Då Grønn Glede var på besøk, var dei i gang med å lage enda ein ny terrasse. Det er Helge som er snikkaren og Karin som planlegg.

– Vi har det vel ikkje heilt klart for oss enda korleis plattingen blir. Men eit eller anna må vi gjere.

Og dei likar å gjere ting sjølv. Helge har snikra det meste, som blomsterkassar, gjerde, portar og terrassar. Men arkitekten bak det meste er Karin. Ho er til vanleg lærar i norsk på vidaregåande skule og Helge jobbar på Møbelringen i Førde.

Froskeyngel og hagevandring

Froskeyngel

FEKK BESØK: Dammen er dei ikkje så nøgd med nett no, for den er full av rumpetroll.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Karin likar at det er vakkert rundt seg, men hagedammen er ikkje så fin i år. Den har nemleg fått besøk.

Heile dammen er full av froskeyngel. Og dei har ikkje hjarte til å reinske den for då øydelegg dei sikkert for dei komande froskane. Etter at Grønn Glede var der, kom froskane ut i hagen til Karin og Helge.

Den 14. juni hadde ho ei hagevandring der ho inviterte inn folk til å kome og sjå på hagen.

Det litt spesielle med dette hageinnslaget i Grønn Glede, er at ein av elevane hennar, Asbjørn Lote, har komponert og framført pianomusikken som ligg på bileta i innslaget.

Sjå Grønn Glede tysdag 7. juli klokka 19.30 på NRK1.

Det er plantar på 2,7 mål

PLANTAR OVERALT: Paret på Holsen har fleire hundre plantar spreidd utover 2,7 mål.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK


Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå