Hopp til innhold

Hadde 40 år utan uhell – så brann det to gongar

GAULAR (NRK): Per Kapstad hadde akkurat fått ting i orden igjen etter den førre brannen. Så vart hotellet hans råka igjen – berre to månader seinare.

Per Kapstad framfor Sande Kro og Hotell

TUNGT: Per Kapstad fekk ikkje sove mange timane natt til tysdag. På berre eit par månader har den daglege leiaren hatt to brannar ved Sande Kro og Hotell.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Vi har drive dette hotellet i 40 år. Utan uhell. Og så skjer dette to gongar på kort tid. Det er klart ein gjer seg sine tankar, seier dagleg leiar Per Kapstad.

Han legg til:

– Det er heilt forferdeleg. Eg torer ikkje tenkje på kva som kunne ha skjedd.

Alt var endeleg i orden – så byrja det å brenne igjen

Det er berre to månader sidan sist det brann på Sande Kro og Hotell. I midten av oktober vart det sett i gang evakuering , også då etter at det tok til å brenne i det same rommet i kjellaren.

Så seint som fredag var det tekniske rommet i orden igjen.

– Ventilasjonen hadde ikkje vore i gang sidan den første brannen, men no var det endeleg i orden. Det var også varmtvasstankane. Her var nymalt og bra. Og så skjer det igjen, seier Kapstad frustrert.

Teknisk rom er heilt utbrent

TOTALSKADD: Det tekniske rommet med varmtvasstankar, elektriske tavler og ventilasjon er heilt øydelagt etter brann og vasslekkasje.

Foto: Rune Fossum / NRK

Trudde det berre var lekkasje, men...

Då han kom på jobb måndag føremiddag kjende han raskt ei rar lukt. Han oppdaga at ventilatoren på kjøkkenet ikkje fungerte. Han gjekk ned i kjellaren og det tekniske rommet for å sjekke.

I kjellartrappa vart han møtt av ein halvmeter vatn. Han ringde då brannvesenet for å få hjelp med lekkasjen. Og først då dei kom fram, oppdaga dei at dei faktisk var ein brann.

– Vi har hatt flaks, ettersom vatnet truleg har halde brannen i sjakk og kanskje sløkt litt. Tenk om det hadde fått spreie seg i ventilatorane og til kjøkkenet, der det er mykje frityrolje og feitt, seier Kapstad.

Fryktar skader for opp mot millionen

Kjellarrommet er totalskadd etter brannen, og Kapstad fryktar det kan vere snakk om skade for opp mot ein million kroner. Utanom dei tekniske installasjonane gjekk det også tapt ein del private eigedelar.

Først ved halv tre-tida natt til tysdag gjekk den daglege leiaren heim etter ein lang dag på jobb. No håpar han at dei skal klare å ta unna alt av gjestar og middagar som planlagt i tida framover.

Men større arrangement blir vanskeleg. Dansen på nyåret må dei truleg avlyse.

– Vi har eit problem med kjøkkenet, der vi ikkje har ventilasjon, seier Kapstad.

Politiet sine sperreband etter brannen på Sande Kro og Hotell

SPERRA AV: Politiet har ikkje starta dei skikkeleg åstadsundersøkingane, men mistenkjer ikkje at det ligg noko kriminelt bak brannane.

Foto: Rune Fossum / NRK

Politiet: – Ingenting tyder på noko kriminelt

Politiet var på brannstaden måndag, men har førebels ikkje starta skikkelege åstadsundersøkingar for å finne brannårsaka. Dei mistenkjer ikkje noko unaturleg.

– Det er lett å tenkje slik når det brenn to gongar på kort tid, men det er ingenting som tyder på noko slikt, seier Bjarne Brudevoll ved lensmannskontoret i Gaular.

– Men folk må ta kontakt om dei har opplysningar eller har sett noko som tyder på noko anna, seier politiførstebetjenten.

Sande Kro og Hotell

40 ÅR: Sande Kro og Hotell har vore i drift i snart 40 år. Heilt fram til nyleg utan eit einaste uhell.

Foto: Rune Fossum / NRK