Hopp til innhold

Gut sendt til legevakt etter trafikkulykke

Ein gut er sendt til legevakt etter at han sykla ut i vegen på Nordfjordeid.

Trafikkulykke, Eid

– Vi veit ikkje heilt kva som har skjedd her enda, opplyser vakthavande ved politiet sin operasjonssentral.

Men det dei veit er at trafikkulykka skal ha skjedd i samband med at ein gut sykla ut i vegbana ved ein fotgjengarovergang.

Hendinga fann stad på Nordfjordeid i krysset mellom Sjøgata og Rv. 15.

Politiet opplyser at guten er sendt til legevakt for kontroll, og at skadeomfanget førebels ikkje kjent.