NRK Meny
Normal

Gründerane oppmodar ungdom til å gjere som dei

Dei sa opp to trygge jobbar og begynte for seg sjølv. Det har skapt liv i nedlagde fabrikklokale i Holmøyane.

Gründerane i Feel Free Production

GRÜNDERAR: Jarl Even Eide (til venstre) og David Sigurdsson er snart ferdige med den sjokkorange butikkinnredninga som skal til Sjåk.

Foto: Silje Guddal / NRK

Mektige stolar, utskorne av heiltre og med drakehovud, er noko av det første som møter ein når ein går inn i fabrikken ved Hornindalsvatnet.

– David har røter ifrå vikingtida, så det er klart vi må gjenskape litt av det spesielle med den tida, seier Jarl Even Eide, og siktar til makkeren sin David Sigurdsson som kjem frå Island.

Dei to møbelsnikkarane frå Stryn sa begge opp faste, trygge jobbar for å satse for seg sjølv, i ein tøff marknad.

Nytt liv i tomme lokale

Alt på 1930-talet var det møbelfabrikk i Holmøyane, men då verksemda Holmøy Møbelfabrikk gjekk konkurs i 2014, kjøpte David Sigurdsson dei nedlagde fabrikklokala.

Opp under taket på fabrikken ruvar eit bord av dei sjeldne.

Bord

MASSIVT TRE: Materiale til det store bordet har ein gong vore eit tre som har gitt skugge til både Hans Majestet Kong Harald og krigshelten Max Manus.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Bordet veg 500 kilo. Materialen kjem frå eit tre som fram til for nokre år sidan stod på Lysvoll i Stryn. Under det enorme treet har både Kongen og Max Manus site, så det er historikk i det bordet, fortel Sigurdsson.

Ved sidan av viking-stolane står ei baderomsinnreiing, med vaskar ifrå Bali. Det er ikkje noko som går sundt med det første.

– Vi skulle kanskje helst hatt namnet "Tunge Ting", for det er det vi driver med, ler Sigurdsson og ser på den massive benken i gran, utskoren med motorsag.

Følte seg fri

Namnet på verksemda Feel Free Production kom Sigurdsson på då han hadde sagt opp den gamle jobben.

– Eg låg i senga og tenke at no føler eg meg fri. Så sa eg det på engelsk, og då vart det Feel Free Production.

– Korleis er det å starte for seg sjølv, å gjere alt åleine?

Ein må vere litt modige, men det har vore eit eventyr frå starten og hit vi er komne no. Vi har sjølvsagt lagt ned mange timar, seier Sigurdsson.

Har det vore litt skummelt og?

– Ja, absolutt, men det er kjekt å vere fleire, seier Sigurdsson og kikkar på makker Eide.

Sender sjokkoransje møblar austover

Når NRK er på besøk held gründerane på med ei sjokkoransje butikkinnreiing som skal aust om fjellet.

– Dette skal til Sjåk Allmenning sine lokale. Inspirasjonen her er fjellheimen og dei oransje fargane på lauva om hausten, seier Eide.

Sjølve designen er teikna ved Farmhouse i Stryn.

Jarl Even Eide og David Sigurdsson

UVANLEGE YRKER: Både Jarl Even Eide (til venstre) og David Sigurdsson er begge utdanna møbelsnikkarar. Dei oppmodar ungdom til å velje yrkesfag.

Foto: Silje Guddal / NRK

Dei to valde i si tid eit yrke som ikkje mange vel lenger, nemleg å bli møbelsnikkarar. Sigurdsson oppmodar fleire om å tørre å velje som dei.

– Ungdomane i dag bør tenkje litt meir på yrkesfag. Det er viktig for framtida. Eg trur det er mange som er kreative og som vel fag dei kanskje ikkje burde. Eg synest mange bør satse på yrkesfag, oppmodar Sigurdsson.

Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.