Hopp til innhold

Grovt tjuveri frå butikk i Sogndal

XS Data og Multimedia i Sogndal sentrum hadde i natt innbrot og mobiltelefonar og datamaskiner for store summer er teke frå butikken.

Innbrot i Sogndal

INNBROT: Dette var synet som møtte dei tilsette då dei kom på jobb i dag tidleg.

Foto: Idar Nes

– Vi ser på overvakingskamera at det har vore innbrot rundt klokka 04 i natt. Dei har fått med seg ein del varer, men har førebels ikkje oversikt over kor mykje, seier dagleg leiar i XS Data og Multimedia, Idar Nes.

Innbrotet vart oppdaga då ein av Nes sine tilsette skulle opne butikken. Han såg at ruta var knust og trudde først det var hærverk, men då han kom inn i butikken såg har fort at det hadde vore folk der inne.

– I hovudsak så ser det ut som det er telefonar, ipadar, iPhonar og ein del berbare datamaskiner. Det er nok snakk om fleire 100.000 kroners-klassen, fortel Nes.

Idar Nes etter innbrotet

NOK EIT INNBROT: Dette bilete er teke av Idar Nes i haust då butikken hadde eit liknande innbrot.

Foto: Arve Uglum / NRK

Tjuvane skal ha vore lenge i området før dei braut seg inn.

– Det er jo ikkje kjekt, det er jo ein kostnad med det, og så er det ikkje minst mykje arbeid å rydde opp att.

Politiet har i heile dag gjennomført åstadsundersøkingar og vaktmeisteren held no på å tette att glasruta som tjuvane tok seg gjennom.

– Eg får håpe forsikringa dekker det, men det er alltids eigendelar og ikkje minst den tapte dagsomsetnaden når ein må halde stengt, seier Nes. Han reknar med å opne butikken att i morgon.

Dette er ikkje første gong Nes har hatt innbrot i butikken. I september i fjor vart varer for 100.000–200.000 kroner stolne frå elektrovarebutikken.