Hopp til innhold

Greier ut bompengar Olden - Innvik

15 år med bompengar kan skaffe pengar til utbetring av smale og rasutsette vegen mellom Olden og Innvik.

Vegen Olden-Innvik

SMALT: Vegen mellom Olden og Innvik har i ei årrekkje stått på vent for utbetring. I den fylkeskommunale køen ligg den prioritert etter Dalsfjordbrua. Eit alternativ for å få fortgang på prosjektet er bompengar.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Statens vegvesen meiner 100 av dei 430 millionar kronene som manglar for å få fullfinansiert vegprosjektet, kan hankast inn med bompengar.

Det skriv Fjordingen fredag.

40 kroner for ein personbil

Ifølgje eit notat vegvesenet har utarbeidd, vil det koste 40 kroner, utan rabatt, å passere bommen med personbil. Med full rabatt kan prisen komme ned i 20 kroner.

Notatet er utarbeidd som følgje av fylkestinget sitt budsjettvedtak før jul, der det ein opna for full eller delvis bompengefinansiering i samarbeid med Stryn kommune.

Denne veka presenterte representantar frå vegvesenet innhaldet i notatatet for fylkesdirektør Velaug Veum og formannskapet i Stryn.

Vegvesenet meiner 80 - 100 millionar kroner i bompengar er eit realistisk overslag dersom ein tek utgangspunkt i 15 års innkrevjing. Ein strekar under at det knyter seg ei viss uvisse til trafikktala , då utbygginga av Kvivsvegen, som står ferdig i 2012, kan gi auka trafikk på fv. 60 mellom Sunnmøre og Byrkjelo.

Einaste utveg?

Korleis ein skal få finansiert dei resterande 330 millionar kronene som står att ved eit eventuelt bomprosjekt, er derimot uvisst.

I mellomtida må dei folkevalde i Stryn uansett ta stilling til om dei ønskjer å gå vidare med bompengeprosjektet. Og ordførar Nils P. Støyva legg ikkje skjul på at han i utganspunktet ikkje hadde ønska seg bompengar.

Nils P. Støyva

NØKTERNT POSITIV: Ordførar Nils P. Støyva er villig til å vurdere bompengar for å få framskunda utbetringa av fv. 60.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Vi ønskjer nok i utgangspunktet ikkje dette. Men når saka er slik som den er, må vi vurdere alle løysingar for å få løfta fram dette prosjektet, seier han til NRK Sogn og Fjordane

Positivt formannskap

For tre år sidan politikarane i Stryn nei til bompengefinansiering. No har fylkestinget sagt at det vil gå nokre år før det blir ordinære løyvingar. Dermed har spørsmålet om bompengefinansiering igjen komme på agendaen.

– Eg oppfattar at stemninga i formannskapet var positiv. Det er såpass store utfordringar på denne strekninga at vi må sjå etter alle moglegheiter, seier Støyva.

Kommunen legg opp til eit folkemøte der ein inviterer fylkesordføraren og Statens vegvesen for å orientere om saka.

– Så får vi konkludere før sommaren i kommunestyret om vi skal gå vidare med dette, seier ordføraren til NRK.