Hopp til innhold

Gloppen i toppen i ny måling

Gloppen kommune kjem på andreplass i heile landet i Kommunal rapport sitt kommunebarometer for 2015. I andre enden av skalaen finn vi Høyanger kommune og Lærdal kommune

Sandane

HER FÅR EIN MEST VALUTA FOR PENGANE: I Gloppen får skattebetalarane mest igjen for pengane sine.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Gloppen er i fylgje kommunebarometeret nest best i landet til å drive godt. Berre Oppdal slår glopparane på god drift etter at alle kommunane i landet er målte etter nær 120 indikatorar.

– Eg er godt nøgd. Dette fortel glopparane og alle andre, at i Gloppen blir det jobba godt, seier ein kry senterpartiordførar i Gloppen kommune, Anders Ryssdal.

Eit paradoks

Anders Ryssdal

NØGD, MEN MOTVILLIG: Ordførar i Gloppen, Anders Ryssdal, er godt nøgd med målinga, men meiner det er paradoksalt at ein vil slå saman velfungerande kommunar.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Barometeret rangerer kor godt kommunane driv, altså kor gode tenester skattebetalarane får for pengane sine.

Fleire av kommunane i Sogn og Fjordane kjem godt ut i målinga, og Ryssdal meiner det er eit paradoks at ein på den eine sida leverer resultat i landstoppen, samstundes som ein blir oppmoda om å slå seg saman med andre.

– At ein då skal slå saman kommunar for å gje enno betre tenester, det kan virke litt merkeleg, seier Ryssdal.

Av kommunane i fylket er også Sogndal, Førde, Stryn, Jølster og Eid inne blant dei 50 beste i landet, justert etter inntektsnivået til kommunane.

Vil ikkje sentralisere

Petter Sortland

VIL HALDE PÅ DESENTRALISERING: Ordførar i Høyanger, Petter Sortland, vil ikkje sentralisere kommunen sine tilbod.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Dårlegast ut i Sogn og Fjordane kjem Høyanger på 373 plass og Lærdal på 375 plass. Arebeiderpartiordførar Petter Sortland i Høyanger seier dei brukar store pengar på desentraliserte tilbod, det straffar seg i slike målingar.

– Eg meiner vi leverer svært gode tenester både med desentralisert skulestruktur og desentralisert tilbod innan helse og omsorg. Eg trur det er godt å vere både ung og gamal i Høyanger kommune.

Vil de halde fram som eigen kommune?

– Vi meiner vi har alle moglegheiter til å gjere det.

Får dårleg valuta

Jan Geir Solheim, ordfører Lærdal

IKKJE NØGD: Ordførar i Lærdal, Jan Geir Solheim, vil jobbe for å få meir ut av kvar krone.

Senterpartiordførar i Lærdal kommune Jan Geir Solheim er ikkje nøgd med at innbyggarane truleg får dårleg valuta for pengane i kommunekassen.

– Er er ikkje nøgd med plasseringa på nokon måte. Vi ønskjer sjølvsagt å bli betre seier han.

Korrigert for inntekt kjem Lærdal dårlegast ut i fylket og er nummer 375 av landet sine 428 kommunar på Kommunebarometeret si samanlikning av kor godt kommunane driv.

– Det vi kan gjere er å gjere det vi gjer kvar dag. Vi jobbar systematisk og målretta mot å få meir ut av kvar krone, seier Solheim.

Kraftpengar kan ha blitt ei sovepute

Trøysta for innbyggarane i Lærdal og Høyanger er at tenestetilbodet i det minste er over landssnittet om ein ikkje tek omsyn til dei høge kommunale inntektene.

Solheim lurer på om pengestraumen frå kraftanlegga kan ha blitt ei sovepute for politikarane.

– Eg seier ikkje at det har skjedd i Lærdal, men ofte kan det å ha litt mindre pengar gjere at ein blir flinkare til å utnytte kvar krone. Eg trur vi har ein veg å gå og at vi kan bli flinkare.