Hopp til innhold

Gler seg stort over brusignal

– Det er utruleg gledeleg og viktig at Regjeringa i dag har sagt ja til at arbeidet med Nordfjordbrua Lote-Anda kan halde fram, seier ordføraren i Eid, Alfred Bjørlo (V).

Forslag til bruløysing over Anda-Lote, med flytebru med skipspassasje

GRØNT LYS: Avgjerda i departemenet betyr at bruforkjemparane i Eid og Gloppen kan arbeide vidare med planane sine.

Foto: Illustrasjon: Nordwest3d og LMG Marin

Regjeringa har i dag godkjent Eid kommune sin kommuneplan der brukryssing Lote-Anda ligg inne. Statens Vegvesen la tidlegare i år ned motsegn mot kommuneplanen og kravde at planane om bru vart tekne ut av planen.

Kommunal- og regionaldepartementet har no avvist motsegna og godkjent vidare arbeid med bruprosjektet som del av kommuneplanen i Eid.

Alfred Bjørlo

– UTRULEG GLEDELEG: Ordførar Alfred Bjørlo i Eid.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– No har vi fått ei prinsippavklaring om at vi kan jobbe for fullt med planar for Nordfjordbrua, og at dette ikkje er noko som er i konflikt med noka E39-avgjerd, seier Bjørlo.

Hadde motsegna til Statens vegvesen fått støtte i departementet hadde det vore bom stopp for planane til bruforkjemparane i midtre Nordfjord.

– No kan planarbeidet for Nordfjordbrua Lote-Anda halde fram som planlagt i samarbeid mellom Eid og Gloppen. Dette er ein jubeldag, seier ein nøgd ordførar i Eid.

Positivt for kommunesamanslåing

Han seier at dette ikkje handlar om ein omkamp om E39-trasè, men at dei ser bru mellom Anda og Lote som eit godt ferjeavløysingsprosjekt.

Alfred Bjørlo ser avgjerda i Kommunal- og regionaldepartementet som svært viktig også når det gjeld eventuell framtidig kommunesamanslåing mellom Eid og Gloppen.

– Dette er eit positivt steg i den retninga. Det at vi har hatt denne motsegna mot bruplanane hengande over oss er ein del av uvissa oss imellom. Så når den er rydda av vegen kan vi arbeide oss tettare saman. Dette kan binde Gloppen saman med heile nordsida av Nordfjorden.