Glad for støtte
Formannskapet i Eid sitt ja til å halde fram sin del av avtalen med overgrepsmottaket i fylket, er eit viktig signal. Det seier legevaktsjef og kommuneoverlege Øystein Furnes i Førde. Manglande semje blant kommunane om framtidig drift gjer at mottaket kan bli nedlagt. Med eit ja frå Eid ser Furnes lysare på framtida, men understrekar at det framleis er kommunar i Nordfjord som ikkje har bestemt seg.