Hopp til innhold

Gjorde stort narkobeslag i Florø

Ein mann er varetektsfengsla i fire veker, etter at politiet i førre veke gjorde eit større narkobeslag i Florø.

Stasjonssjef Robert Veseth ved Flora politistasjon

STORT BESLAG: Robert Veseth ved Flora politistasjon stadfestar at dei har arrestert ein mann, og at narkobeslaget er stort.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Eg kan stadfeste at vi har gjort eit større beslag av narkotika. Med dette meiner eg eit beslag som er stort samanlikna med det som er vanleg i Sogn og Fjordane, seier stasjonssjef Robert Veseth ved Flora politistasjon til Firdaposten.

Ein person er varetektsfengsla i fire veker etter beslaget. Politiet ser samstundes ikkje bort ifrå at det kan bli fleire arrestasjonar i nærmaste framtid.

Ifølgje Firdaposten kan beslaget vere det største som er gjort i Florø nokon gong. Den varetektsfengsla mannen skal ha forsynt narkotikamarknaden i Sunnfjord med stoff dei siste åra.

– Vi har ikkje eit gedigent narkotikaproblem i Sunnfjord, men vi har eit narkotikaproblem. Og det tek vi på høgste alvor, seier Veseth til Firdaposten.