Hopp til innhold

Gjer finsøk i fjorden etter Marita (46)

Leitinga etter den sakna Marita Sælen i Vik er avslutta for dagen utan at ho er funnen.

Søk i Vik etter sakna kvinne

SØKJER I FJORDEN: Her ute driv dykkarar finsøk etter at hundane markerte eit område. Spesielle straumforhold gjer at søkemannskapa må dekke store område i leitinga.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Dei 30 som har leita i terrenget er no komne inn. Vi har utvida søket og leitt i opp til 400 meters høgde på begge sidene av sentrum, seier leiar Knut Mykkeltvedt i Vik Røde Kors hjelpekorps.

Han seier han har fått beskjed frå politiet om at den offisielle leiteaksjonen blir avslutta i morgon. Men leitinga held fram i privat regi.

– Det kjem folk frå heimstaden til den sakna, og vi i hjelpekorpset stiller lokale til disposisjon for dei. I tillegg reknar eg med at det vil vere friviljuge frå Vik med i leitinga.

Dykkarane som leitar etter den sakna Marita Sælen avslutta søket for dagen tidlegare i kveld utan å ha gjort noko funn.

Redningshundar markerte i ettermiddag eit område midtvegs mellom Vik og Vangsnes, og dykkarar finkjemde fjordbotnen på leit etter den sakna Marita Sælen.

– Hundane markerer på noko som er på 16–26 meter. Dei markerte i eit område som er 100 meter frå der vi slutta søket i går kveld, seier Mykkeltvedt.

Leiteaksjonen etter Marita Sælen i Vik

SAKNA: 46 år gamle Marita Sælen forsvann i Vik natt til laurdag.

Foto: Familien

Politiet står framleis utan spor etter at Marita Sælen sist vart sett natt til laurdag i Vik sentrum. Ho og mannen var ein del av eit følge på 10 personar som var i Vik i helga. Klokka to natt til laurdag forlèt 46-åringen Dampen pub saman med ein annan mann.

Han har forklart at dei gjekk i lag eit kort stykke før Sælen snudde og gjekk attende til puben. Der sluttar alle spor etter kvinna.

Søkjer i fjorden etter sakna kvinne

Foto: Noralv Pedersen.

Svært spesielle straumforhold i fjorden

Det vart sett i gang ein storstila leiteaksjon i Vik etter saknameldinga. Leitinga held fram for fullt i dag – 70–80 personar er med.

Ivar Samland Vik, Knut Mykkeltvedt og lensmann Ove Andersen

LEITAR: Ivar Samland og Knut Mykkeltvedt i Vik hjelpekorps og lensmann Ove Andersen.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Me organiserer det på same måte som tidlegare. Me har folk til Vangsnes, rodar opp mot Vikafjellet og litt på småvegar på Dalen. Me saumfarar store område, og har tru på å finne vedkommande, seier Mykkeltvedt.

Vik ligg inne i ei bukt i Sognefjorden og dei spesielle straumforholda gjer at søket må vere breitt.

– Straumane kan gå forskjellige vegar på forskjellige djupner i fjorden. Dessverre har vi mista folk tidlegare, og vi har erfaring med at dei har blitt førte heilt over på nordsida av Sognefjorden, seier Mykkeltvedt.

Vik

Vurderer Kripos-hjelp

Politiet driv full etterforsking parallelt med søket etter kvinna. Dei har framleis ingen ny informasjon om kva som kan ha skjedd med 46-åringen.

Arne Johannessen

SØKJER FRAMLEIS: Arne Johannessen er regionlensmann i Sogn.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Politiet har tidlegare sagt at dei har avhøyrt 18–20 personar. Regionlensmann Arne Johannessen seier at dei vurderer fortløpande å be Kripos om hjelp.

– Vi har ikkje kopla inn Kripos endå. Vi har dei folka vi treng til dei arbeidsoppgåvene vi har akkurat no. Det som er viktig er å få full oversikt over alle bevegelsane og alle folka som var i Vik, på puben og campingplassen.

I morgon skal Johannessen, juristen på saka og dei som leiar både etterforskinga og søkearbeidet møtast for å oppsummere saka så langt, og legge vidare planar.