Hopp til innhold

Går mot eigen statsråd

Kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell får motstand på heimebane.

Magne Aardal
Foto: NRK

Sogn og Fjordane SV meiner nemleg at skulane bør kunne krevje betaling for at elevane skal få reise på skuleturar.

Kollisjonskurs

Dermed er dei på kollisjonskurs med sin eigen minister, Bård Vegar Solhjel,l som heile tida har forsvart at skulen skal vere fullstendig gratis.

Magne Aardal i Jølster SV meiner forvirringa rundt ordninga må ta slutt.

- Ei stipendordning frå Statens lånekasse er løysinga for dei som ikkje har råd til å betale. Også SV må sjå at ein del av politikken er å inngå kompromiss, seier han.