NRK Meny
Normal

«Har søkjaren hatt rier med skipling av heilefunksjonen?»

Ein legeattest på nynorsk frå Statens vegvesen har skapt mykje latter blant legar i Sogn og Fjordane. Nynorsken som er nytta i skjemaet er gamal, noko som òg kan skape forvirring blant dei som skal fylle det ut.

John Roger Andersen

GAMAL NYNORSK: Skjemaet frå Statens vegvesen inneheld gamal, og til dels morosam, nynorsk, meiner John Roger Andersen.

Foto: Høgskulen i Sogn og Fjordane/Raymond Lidal / NRK

Har du hatt rier og då vore medvitslaus nokon gong dei siste tolv månadene?

Statens vegvesen

Dette sitatet er henta frå spørsmåla som Statens vegvesen stiller i eit legeattestskjema for søkjarar som vil ha førarkort. Så me rettar spørsmålet vidare til pressesjef i Statens vegvesen, Kjell Bjørn Vinje.

Kjell Bjørn Vinje, pressesjef i Statens vegvesen

SKJØNAR IKKJE: Pressesjef i Statens vegvesen, Kjell Bjørn Vinje, skjønte ikkje bæret av skjemaet. Men no er det byta ut, forsikrar han.

Foto: Henriette Erken Busterud

Så, kva trur du? Har søkjaren hatt rier med skipling av heilefunksjonen?

– Ja, altså, no har eg juksa litt. Eg har sett i det nye skjemaet, og kan seie at dei her spør om du har skader som har ført med seg medvitstap over lengre tid, seier han og held fram:

– Dette er ikkje nødvendigvis det me i Statens vegvesen er mest stolte av. Som nynorskbrukar syntest eg sjølv at dette skjemaet ikkje var brukbart. Eg skjøna rett og slett ikkje bæret av det, og det var bakgrunnen for at me umiddelbart fiksa dette, seier Vinje.

Her kan du sjølv sjå det, no forelda, skjemaet frå Statens vegvesen (PDF-fil): Skjemaet frå Statens vegvesen

Ny versjon er klar

– Dette skjemaet er gamalt gods som diverre kan liggje igjen på enkelte legekontor rundt omkring, opplyser han om.

Han kan fortelje at ein ny og oppdatert versjon er klar, og at dette vart lagt ut kjapt etter dei fyrste reaksjonane kom.

Er søkjaren ufør til å høyra mannemål på fire meters fråstand utan høyreapparat?

Statens vegvesen

– Den nye tenesta vår på nett skal vere kjent for legar og andre profesjonelle brukarar av våre skjema. Dei er plikta til å fylgje dei siste versjonane våre, men eg skjønar at det kan vere litt forseinking i desse prosessane, seier Vinje.

Nytta til underhaldning på diabeteskonferanse

John Roger Andersen, førsteamanuensis ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

SKAPT LATTER: Tipsar John Roger Andersen har vist skjemaet til mange, og skapt mykje latter.

Foto: Høgskulen i Sogn og Fjordane

– Eg vart fyrst merksam på skjemaet førre veke, på ein diabeteskonferanse i Sogndal. Då nytta legane der det som underhaldning. Det var rett og slett høgtlesing for salen, og det skapte mykje latter, seier tipsar John Roger Andersen.

– For meg er det heilt ubegripeleg. Det er vel kanskje ein nynorsk me ikkje har sett før. Men det er jo rett og slett kjempemorosamt, seier han.

Etter diabeteskonferansen han deltok på, ville han ta saka vidare ut i verda.

– Eg måtte kome meg heim den kvelden og sikre meg raskt ein kopi. Det gjorde eg, og har vist det til mange lattermilde kollegaer, avsluttar han.

Har søkjaren hatt rier med skipling av heilefunksjonen (fallesykje, skipling av medvitet avanna eller uviss årsak irekna)?

Statens vegvesen

– Dette skjemaet viste jo at det ikkje var på eit slikt nivå me ynskjer. Men dersom det gamle skjemaet kan vere til glede og underhaldning for legestanden og andre, så er det for så vidt ein hyggjeleg bieffekt. Me er derimot opptekne av at me har eit skjema som funkar, avsluttar pressesjef Kjell Bjørn Vinje.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.