Hopp til innhold

Fyll, støy og amper stemning

Både i Lærdal, Florø, Eikefjorden og Stryn måtte politiet ut og hanskast med rusa personar.

Politibil ved Førde sentralsjukehus

RUSA PERSONAR OG STØY: Politiet måtte rykke ut ved fleire høve natt til søndag.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Rett over midnatt måtte politiet oppsøke ein fest i Florø, der dei måtte be dei festglade om å dempe musikken. Like etterpå fekk politiet melding om amper stemning utanfor ein serveringsstad i Stryn. Ein person vart vist vekk frå staden, opplyser politiet på Twitter.

Nærare klokka 01 vart det meldt om ein rusa og utagerande ungdom i sentrum i Eikefjorden. Tenåringen vart tatt hand om av helsepersonell.

Etter utestadane si stengetid skal ein person ha sparka til ei kvinne i drosjekø i Florø. Det er ifølgje politiet uvisst om hendinga vart meldt.

Rundt klokka 03 fekk politiet melding om ein rusa og utagerande mann som blødde frå hovudet. Mannen vart frakta via Lærdal sjukehus til Førde sentralsjukehus. I Lærdal var det fleire meldingar om støy og rusa personar i løpet av natta i høve arrangementet Jordeplerock.

I Florø måtte politiet igjen rykke ut ved 04-tida då ein rusa mann fann seg på ei uønskt adresse. Manne skal sjølv ha forlate staden, opplyser politiet på Twitter.