Næringsbarometeret: Fylket trassar negative signal

Stemninga i næringslivet i Sogn og Fjordane snur til svak optimisme etter fleire år med pilar som peikar nedover.

Montasje næringliv

MEIR OPTIMISME: Det nye Næringsbarometeret viser at stemminga snur og at pilar peikar oppover i fleire næringar. Men det finst også dei som ikkje er like optimistiske.

Foto: Montasje

Det viser det nye Næringsbarometeret. Dei som står bak barometeret har spurt næringslivet om forventningane til 2014. Det er også sett fokus på offentleg sektor si betydning for næringslivet i fylket.

– Det er fleire som spår svakare vekst i norsk økonomi det neste året, men i Sogn og Fjordane misser dei ikkje næringslivet motet så lett. Her snur stemninga til svak optimisme etter fleire år med pilar som har peika nedover, står det i ei pressemelding.

Trur på bra 2004

Senterleiar Gro Eikebø Stang i Elvetorget Senterforening i Førde seier dei i fjor hadde ein auke på sju prosent.

– Eg trur 2014 blir eit bra år også, seier ho.

Den haldninga ser ut til å gjelde også resten av næringa i fylket. For varehandel og privat tenesteyting aukar forventingsindeksen med seks poeng frå januar i fjor. Lønsemd er den einaste indikatoren som peikar nedover.

Trass i meldingar om at forbrukarane har blitt meir varsame med pengebruken, er handelsnæringa i fylket altså optimistar.

Treng framleis meir folk

For næringslivet samla sett stig forventingsindeksen frå januar i fjor. Auken skuldast først og fremst ei sterk tru på nye tilsettingar. Nesten ei av tre verksemder planlegg å auke talet på tilsette i 2014. Berre sju prosent ventar å måtte redusere arbeidsstokken.

Størst er forventingane innanfor næringane transport og engros og finansiell og forretningsmessig tenesteyting. 40 prosent av desse verksemdene ventar fleire tilsette i år.

Sogn og Fjordane har framleis låg arbeidsløyse samanlikna med andre fylke. I 2013 var gjennomsnittleg arbeidsløyse i fylket på 1,9 prosent, mot 2,6 prosent på landsbasis.

– Dette kan vere noko av forklaringa på at næringslivet i fylket er relativt optimistiske trass i negative signal frå omverda om lågare norsk vekst og høgare arbeidsløyse i 2014, står det i Næringsbarometeret.

Fleire vil investere

Barometeret viser også at investeringslysta aukar. Ei av fire verksemder ventar høgare investeringar i 2014 samanlikna med 2013. Forventingane til omsetnad aukar også samanlikna med i fjor, medan forventingane til lønsemd går svakt ned.

Marknadssituasjonen ser ut til å halde seg stabil. Like mange som i fjor, kring 4 av 10 verksemder, opplever marknadssituasjonen som god eller svært god.

Forventingsfulle bønder

Landbruk er den næringa kor forventingane aukar mest. I fjor hadde landbruket ein negativ forventingsindeks på -1 poeng. I år endar den på ni poeng.

Oppgangen skuldast at fleire trur på auka omsetnad og høgare investeringar samanlikna med i fjor. Berre åtte prosent venta å investere meir i 2013. I år ventar 20 prosent det same.

Optimisme i industrien

Også industriverksemdene er noko meir optimistiske enn dei var for eitt år sidan. Næringa ventar både fleire tilsette og auka investeringar i 2014. Det er derimot færre enn i fjor som ventar auke i omsetnaden og lønsemda.

Tala frå Næringsbarometeret viser også at den petroleumsretta delen av industrien framleis er meir optimistisk enn verksemder som ikkje leverer til petroleumsnæringa. Forventingsindeksen i dei to gruppene er høvesvis 41 og 26 poeng.

Delar av den petroleumsretta industrien er nok likevel prega av uro for kva som skjer etter kontrakten med Statoil går ut i midten av 2015.

– Det er ei avventande haldning. Vi har leigetakarar som er usikre på om og når dei skal investere. Det er eit stort behov for avklaring, seier Jim Haugland i Fjord Base.

Mindre lønsamt å byggje

Bustadmarknaden har flata ut i det siste, med lågare etterspurnad og fallande bustadprisar. Næringsbarometeret speglar ei nøktern haldning også i byggjenæringa i Sogn og Fjordane. Forventingane til omsetnad er dei same som for eitt år sidan, men fleire ventar svakare lønsemd i 2014.

Dagleg leiar Finn Ove Øen i Åsen og Øvrelid er nøktern optimist.

– Vi har godt med arbeid og ordrereserven er tilfredsstillande, så alt ligg til rette for at det skal bli eit bra 2014. Det ser mellom anna ut til at det kjem ein del investeringar i helse- og omsorgssektoren i kommunane, seier han til Næringsbarometeret.

Ventar færre turistar

Den einaste næringa med dalande forventingar er kultur, reiseliv og oppleving. Der er optimistane blitt færre samanlikna med førre januar-barometer.

Langt færre verksemder ventar å tilsette nye medarbeidarar i år, medan fleire ser for seg å måtte redusere arbeidsstokken. Færre turistar frå store marknader som Tyskland, Nederland og Storbritannia er truleg noko av forklaringa.

– Denne nedgangen vil nok halde fram neste år også, Det gjeld heile landet, ikkje berre Sogn og Fjordane. Men for oss betyr det ekstra mykje, sidan vi har mindre forretningstrafikk som kan kompensere for nedgangen i ferie- og fritidstrafikken, seier dagleg leiar i Visit Sognefjord, Ståle Brandshaug.

Det finst likevel lyspunkt. Fleire turistar frå Asia, Russland og delvis Sør-Europa veg opp for noko av fallet i dei tradisjonelle marknadene.

Næringsbarometeret er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune, Innovasjon Norge, NAV, NHO Sogn og Fjordane og Sparebanken Sogn og Fjordane.

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Sjå presentasjonen av Næringsbarometeret» i nytt vindu