Hopp til innhold

Køyrde i fjellveggen i 80-sone - mistenkt for ruspåverknad

Ein person er sendt til sjukehus etter at ein bil køyrde i fjellveggen mellom Årdalstangen og Øvre Årdal.

Arveneset

Personen var åleine i bilen då ulukka skjedde i 80-sona ved Arvenes i 23.30-tida fredag.

Politiet opplyser på Twitter at bilføraren er mistenkt for å ha køyrt bil i ruspåverka tilstand.

– Det var ein person i bilen. Han er skadd og på veg til Førde med ambulanse, opplyser operasjonsleiar hos Vest politidistrikt i Florø, Per Rimmen.

Skadeomfanget er uvisst, men bilførar var ute av bilen då naudetatane kom fram til staden. Det var ikkje bilførar sjølv som melde frå om ulukka.

Vegen var stengd i nær to timar etter ulukka.