Fylkeskulturprisen til Sønnerheim

Kristin Sønnerheim (85) har i 50 år stelt og rydda stien gjennom Aurlandsdalen med handmakt. Slik har ho fått namnet «Mor Aurlandsdalen». No får ho fylkeskulturprisen for innsatsen.
– Innsatsen til Sønnerheim har vore avgjerande for å gjere Aurlandsdalen tilgjengeleg. Vandrerutene blir brukt av hundrevis av menneske kvart år, seier leiar for hovudutval for næring og kultur, Karen Marie Hjelmeseter.