Hopp til innhold

Fryktar fjorden blir øydelagd

Samanliknar gruvedrift i Vevring med det som skjedde i Syd-Varanger.

Video nsps_upload_2009_5_19_19_49_43_1110.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Sjå TV-saka

Norges Miljøvernforbund heldt i kveld folkemøte om den planlagde rutilutvinniinga i Engebøfjellet i Naustdal. Omlag 50 hadde møtt fram for å høyre Kurt Oddekalv.

For folk i bygda er sterkt uroa over at store steinmassar skal dumpast i fjorden.

Men forkjemparane er villige til å ofre urørt natur for 170 arbeidsplassar, for Engebøfjellet skjuler verdiar for milliardar. Selskapet Nordic Mining starte gruvedrift for å vinne ut mineralet rutil.

Overskotsmassar frå steinbrotet skal dumpast midtfjords, og eit stort område på botnen blir dekka med stein.

Skeptisk

Leiar Kurt Oddekalv i miljøvernforbundet er svært skeptisk til planane om gruvedrift.

- Det er først og fremst fordi det er snakk om å snu om eit heilt samfunn. Det er ikkje snakk om å starte ei lita gruvedrift i Vevring. Ein forandrar livsmiljøet til store delar av Førdefjorden. Etter våre utrekningar blir fjorden uleveleg for fisk og anna. Den blir ein dumpeplass for dei store massane med grovberg. Vi har sett andre stader at fjorden nærast er fylt igjen.

Full fjord

Han samanliknar det med det som har skjedde i Langfjorden i Sør-Varanger der jernverket tok ut jernmalm.

- Der er fjorden full og nærast avstengt på grunn av massane som er dumpa.

- Men fjorden utanfor Vevring er djup, det skal litt til før den blir fylt opp?

- Fjellet er omlag 340 meter høgt, og fjorden er omtrent like djup. Rutilfeltet i Vevring er 2,5 kilometer langt, så blir det ein 2,5 kilometer lang, full fjord. Det er klart det kan vere ein kanal på eine sida, men fjorden blir fylt opp.

- Forstår ikkje dimensjonane

Han seier at ei gruvedrift vil få store konsekvensar.

- Dette er fint støv som festar seg på gjeller på fisken og det blir ei stor ulukke for det marine livet. Folk er ikkje klar over at vi snakkar om ein totalendring av livsamfunnet inne i fjorden. Eg trur at mange ikkje har forstått dimensjonane av dette.

Kurt Oddekalv

På folkemøtet i Førde tysdag kveld.

Foto: Steinar Lote / NRK