Hopp til innhold

Første rigg på 28 år på plass i kystbyen

For første gang på 28 år står ein rigg ved verftet i Florø. Westcon Yards etterlyser djupare innsegling slik at dei kan få fleire rigg-oppdrag.

Bideford Dolphin rigg til Westcom Yards i Florø

DIGER: Med ein dryg meter klaring til botnen, kom riggen Bideford Dolphin flytande inn til Westcon Yards i Florø.

Foto: Truls Kleiven

I helga kom ein borerigg flytande inn til Florø. Der skal den stå hjå Westcon Yards og få straum og tenester.

Dette er eit stort satsingsområde for verftet, og ein sjanse til å vise seg fram.

– Det er veldig viktig å få denne riggen no. Vi treng å vise marknaden at vi kan handtere alle dei oppgåvene som krevst for eit slik oppdrag, seier dagleg leiar i Westcon Yards i Florø, Mikael Johansen.

Framleis for grunt

Verftet har investert 100 millionar i ny riggkai og hamn for å kunne ta fleire slike jobbar, men framleis er innseglinga for grunn til at dei kan vere attraktive for fleire. Etter at innseglinga vart utdjupa til 16 meter har det no blitt mogleg å få inn denne riggen.

Men berre så vidt.

– Vi måtte losse den før vi kunne få den inn. No flaut den på 14,5 meter, så det var akkurat klaring, seier Johansen.

Vil satse på rigg

Han er ikkje nøgd med djupna enno, og meiner at dei må få ei 20 meter djup innsegling for at dei skal vere konkurransedyktige til å få fleire riggar.

– Vi er i marknaden og vi prøver å sikre oss fleire riggar. Det er eit dårleg marknad no og det er færre riggar i drift. Så oppdraga er få, og derfor treng vi betre fasilitetar for å bli meir attraktive, seier Johansen.

For å få utdjupa innseglinga treng verftet at Kystverket får løyvd pengar. Derfor er dei i gang med å få politikarar på ballen slik at ting kan skje.