NRK Meny
Normal

Forskar meiner dårleg planlegging er skuld i mange naturskadar

– Dårleg planlegging av bygningar og vegar er viktigare årsak til naturskadar enn vêret, seier forskingsleiar ved Vestlandsforsking Carlo Aall.

Store massar er flytta rundt på i Lærdal etter at fleire elvar gjekk over sine breidder tysdag.

STORE SKADAR: Flaumen denne veka har gjort store skadar fleire stader i indre Sogn, her eit oversiktsbilete frå Lærdal.

Foto: Oddleif Løset

I ei ny studie har ein gått inn i 10 tidlegare naturskadehendingar på Vestlandet. Sju av 10 skader kunne vore unngått om ikkje hus og vegar låg feil plassert i terrenget, meiner Aall.

Carlo Aall

BETRE PLANLEGGING: Forskingsleiar ved Vestlandsforsking Carlo Aall seier mange naturskadar kunne vore unngått med betre planlegging.

Foto: Arve Uglum / NRK

– Dårleg planlegging kan vere ein vel så viktig grunn som dårleg vêr til at naturskade oppstår. Det gode med det er at då veit vi korleis vi skal handtere problemet. Det er berre i gåseauge å gjere planlegginga skikkeleg.

Rekordflaumen fleire stadar på Vestlandet har vaska vekk hus og bygningar, bruer og vegar er øydelagde. Ordførar i Lærdal Jan Geir Solheim vart sjokkert over omfanget av skadane kring om i kommunen

Ordførar Jan Geir Solheim

SJOKKERT OVER ØYDELEGGINGAR: Ordførar i Lærdal, Jan Geir solheim (Sp).

Foto: Jan Christian Jerving

– Ja, det er nesten heilt urealistisk og nesten ikkje til å tru. Det er slik at eg må klype med i armen.

Vestlandsforsking har studert 10 tidlegare naturskadehendingar dei siste åra, resultata vart offentlege i går.

Konklusjonen er at mykje infrastruktur står så utsett til at ein nesten kan forvente at det går gale når flaum, skred og ekstrem vind herjar byar og tettstadar.

– I 70 – 80 prosent av dei tilfella meiner vi at dersom planlegginga hadde våre gjort etter boka så ville skadane vore vesentleg reduserte, seier Aal.

Det er kommunane som har ansvaret for å detaljplanlegge. Moderne arealplanar er som regel gode nok til å takle ekstremvêr seier Aall.

Problemet er at store delar av byar og tettstadar vart planlagde for fleire 10-år sidan, og klimaet har alt endra seg.

– Nøtta vi no må løyse er korleis ein skal klimatilpasse dei bygningane og vegane som allereie er bygde, der ein kanskje ikkje tenkte på klima og naturskade, då dei vart bygde.

Detaljane skal finpussast
Huset til filosofen Wittgenstein flyttar.
Vestlandsbønder må hente enorme mengder naudfôr frå Austlandet og Sverige. Dette fordi begge grasavlingane på Vestlandet var langt under normalen i sommar.