Hopp til innhold

Forlenga fengsling for nordfjording sikta for giftdrap

Tingretten har forlenga fengslinga av ein 29 år gamal mann frå Nordfjord som er sikta for å ta teke livet av kameraten sin på eit hotell i Oslo.

cOMFORT hotel xpress

DØYDDE HER: Det var tilsette ved hotellet som varsla politiet.

Foto: Øzgur Tufan / NRK

Det var ein gong mellom fredag 15. juli og laurdag 16. juli i år at mannen skal ha forgifta ein annan mann. Dei to var på helgetur til Oslo, og var begge ein del av eit rusmiljø.

22. juli gjekk politiet ut med ei pressemelding der dei fortalde at drapet skal ha skjedd, og at på grunn av opplysningar som kom fram i etterforskinga, så hadde dei framstilt nordfjordingen for fengsling.

Politiadvokat Andreas Strand opplyste då at politiet blei tipsa av hotelltilsette på Comfort Hotel Xpress i Møllergata i Oslo, og det blei fort klart at det var omstende som gjorde det naudsynt å starte ei etterforsking.

Den sikta nordfjordingen møtte ikkje sjølv i Oslo tingrett i dag, og vidare fengsling i saka blei avgjort av dommaren åleine utan aktor og forsvarar til stades.

– Retten finn at sikta med skjelig grunn framleis kan mistenkast for ei straffbar handling som kan føre til høgare straff enn fengsel i seks månader. Retten kan ikkje sjå at det er kome fram noko i den inneverande fengslingsperioden som svekkjer mistankegrunnlaget, skriv tingrettsdommar Nina Borthen.

Den sikta sin forsvarar, Henrik Bliksrud, sa til NRK i juli at klienten nektar straffskuld og at den avdøde stod han nær.

Henrik Bliksrud

FORSVARAR: Henrik Bliksrud var ikkje til stades då fengslinga av klienten blei forlenga i dag.

Foto: Gøril Furu / NRK

– Avdøde var hans beste ven. Så han reagerer med sorg og uro, sa Bliksrud.

Den sikta har høve til å anke tingretten si avgjerd inn for lagmannsretten innan to veker.