NRK Meny
Normal

Sjå dei spreke bileta frå Førde Opp

Både små og store var på plass då Førde Opp vart arrangert for tredje gong.

Sjølv om dette er tredje gong motbakkeløpet vert arrangert, er det først i år at den nesten tre kilometer lange stien er heilt ferdig.

Hafstadkleiva som er best kjent som bystien i Førde startar like ved E39 i Førde sentrum. Første del består av 180 trappetrinn som går over i ein lang og bratt grusveg opp til toppen av Hafstadfjellet på 706 meter over havet.

May Britt Buer vann konkurranseklassen for kvinner, medan Øyvind Heiberg Sundby vann herreklassen.

Spesielt gledeleg med mange born

Arild Fålun var speaker på toppen av Hafstadfjellet, og var godt nøgd med arrangementet.

– Det har vore veldig fint. Det aller mest gledelege er at det har vore veldig mange born på toppen. Sjølv om det er spennande med konkurranseklassen, så er det folkehelse som er det viktigaste, seier Fålun.

Han peikar på at det er flott at så mange born og unge brukte dagen for å komme seg til topps på Hafstadfjellet.

– Eg trur kanskje talet på born på toppen er rekordhøgt i år, ikkje minst når ein snakkar om born under skulealder. Dei har det vore mange av, seier Fålun.

Han rosar også foreldra som tek med seg borna på arrangementet.

– Det er flott at dei tek med seg borna tidleg. Det er flott og det likar vi, seier Fålun.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser