Hopp til innhold

Fylkets tidlegare storlag vart audmjuka av Førde

(HANDBALL: Førde-Jotun 33-12.) For berre nokre månader sidan var det ein svært tett og jamn kamp mellom dei to beste kvinnelaga i fylket. Då dei same laga møttest søndag var det så stor klasseskilnad at handballkjennarar måtte gni seg i augene.

Førde-Jotun

STENGDE BURET: Målvakt Camilla Steinset var god. Berre strekspelaren Katalin Zamoloyi (77) var eit skikkeleg trugsmål mot Førde-forsvaret. Ho blir passa på av Førde-spelarane Aleksandra Buesu (2) og Line Abrahamsen (4).

Foto: Kjell Arvid stølen / NRK

– Ein tragisk prestasjon, vi må rett og slett heim og trene meir, det er ikkje så mykje meir å seie om det, seier ein lettare nedslått Jotun-trenar Olafur Sveinsson.

For det var berre i nokre få minutt i starten av kampen det var jamnt. Jotun skåra det første målet og heldt fylgje til 3-3. Etter 17 minutt stod det 7-4 til Førde, og så stengde Camilla Steinset Førde-buret i meir enn ti minutt. Vips, så var stillinga 14-5 til heimelaget ved pause.

Godt forsvarsspel

Og det heldt fram på same måten i andre omgang. Førde spela svært godt i forsvar, og dei fleste skota som passerte muren tok Camilla Steinset seg av. Det var rett og slett ikkje moro å vere Jotun-spelar og Jotun-patriot.

Til slutt stod det 33-12 på måltavla. Det var rett og slett for få av Jotun-spelarane som var i stand til å avslutte på ein slik måte at det skapte store problem for Førde.

Øyvind Indrebø

OVERRASKA OG NØGD: Førde-trenar Øyvind Indrebø er nøgd mned at spelarane hans heldt oppe konsentrasjonen.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Overraska

Og Førde-trenar Øyvind Indrebø var naturleg nok ein glad mann etter kampen.

– Eg er overraska over at det vart så klart. Eg er veldig nøgd med forsvarsarbeidet vårt. Vi er konsentrerte, vi er gode i kontringane våre, og vi løyser Jotun sitt offensive forsvarsspel. Eg er ikkje minst nøgd med at vi held oppe konsentrasjonen i andre omgang.

Men han vil ikkje avskrive Jotun som topplag sjølv om det vart utklassing i denne kampen.

– Jotun kjem sterkare att, dei vil bli eit topplaga også i år. Vi må nullstille oss, no har vi ein tøff kamp mot Sotra, vi skal møte Kjøkkelvik som vi tapte for i forfjor, og så har vi Stord att.

Olafur Sveinsson og Jotun

- TRAGISK: Jotun-trenar Olafur Sveinsson varslar hard trening framover.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Har is i magen

Kollega Olafur Sveinsson prøvde det meste for å stanse Førde, mellom anna med frimerke på Kjersti Boge Solås og Aleksandra Buesu, men ingenting hjelpte. Han har problem med å peike på årsakene til at det vart så ille.

– Men vi har is i magen, og vi skal halde fram med å jobbe hardt og skikkeleg.

– Kva synest du om Førde?

– Førde er like gode som dei har vore siste året, eg ser ikkje nokon skilnad. Det er vi som spelar dårleg i dag. Det er vi som skårar for lite.

Maria Oppedal vart toppskårar for Førde med sju mål, medan strekspelaren Katalin Zamoloyi sette inn seks av dei 12 måla til Jotun.