Hopp til innhold

Folkehøgskulen inviterte heile kommunen til å sove ute med dei

Nordfjord Folkehøgskule har invitert heile Gloppen til å tilbringe natta ute med dei som ein del av friluftslivets år.

10 åringane skal sove ute

– DETTE BLIR MORO: 10-åringane Karin, Marie, Karen, Sofie, Rakel, Dorthea og Dorte Marie er klare for ei natt ute.

Foto: Gunnhild Årdal / NRK

Per Momrak

LAGT TIL RETTE: Lærar Per Momrak seier elevane har lagt godt til rette for ein fin kveld ute i det fri.

Foto: Gunnhild Årdal / NRK

På 450 meter over havet har dei rigga seg til i Kleivane rett ovanfor Fjellbygda i Gloppen. I heile dag har gjengen frå Nordfjord Folkehøgskule jobba med å lage leir.

Med seks lavvoar, 35 fjelltelt, to igloar og to store snøklokker skulle det vere rikeleg med plass til friluftsglade nordfjordingar.

– Vi har laga mykje sitjeplassar der det er mogleg å lage bål ute. Så det er lagt godt til rette for å få ein triveleg kveld, seier lærar Per Momrak.

Han håpar det vert opphaldsvêr nokre timar denne natta. Han tippar det vert rundt 50 som tek turen for å prøve seg på ei natt ute. I tillegg er 150 personar frå folkehøgskulen på plass.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sover ute i Gloppen

GOD PLASS: Folkehøgskulen har laga til mykje overnattingsplassar.

Foto: Per Momrak

Vêret er inga hindring

For elevane på Nordfjord Folkehøgskule så er ikkje dette første gong dei søv ute. Vi møter dei litt seinare på kvelden.
– Nei, dette har vi gjort ein del. Vêret er inga hindring, seier Malene Gagnat.

– Men dette er første skikkelege vinternatta vår. Det var jo meldt regn, men vi håpte det skulle kome meir som snø. Til no har det vore ei fin blanding. Så vi var førebudde på at vi kunne bli blaute, seier Johan Eggebø frå Finnøy i Rogaland.

Han hadde ikkje trudd det skulle kome så mykje folk som til slutt kom.

– Vi måtte nettopp flytte frå teltet, så det lovar godt, ler han.

På programmet denne kvelden og natta er bålbrenning, i tillegg til diverse skileik.

(Artikkelen held fram under biletet)

Aina Lemming, Malene Gagnat og Johan Eggebø

MÅTTE FLYTTE FRÅ TELTET: Lærar Aina Lemming og elevane Malene Gagnat og Johan Eggebø.

Foto: Gunnhild Årdal / NRK

Her får vi sove gratis

Ein gjeng 10-åringar frå Sandane skule er godt i gong med å grave i snøen. Og dei har sove ute før kan dei fortelje.

– På Norway-Cup ein gong sov vi i telt, seier ei.

– Eg har sove ute om vinteren før, det gjekk bra, men det kom tore og lyn, og det var kaldt.

Aktivitetar - friluftlivets år

AKTIVITETAR: Før dei kryp opp i soveposane sine vert det også litt aktivitetar.

Foto: Gunnhild Årdal / NRK

I dag har dei teke godt med varme klede på seg og er klare for å ei vinternatt ute.

– Eg trur det blir veldig moro. Vi skal laga snøhole.

– Kven var det som fann på at de skulle sove ute då?

– Det var foreldra våre.

– Dei på folkehøgskulen har laga det fint til for oss med igloar. Her får vi sove heilt gratis. No skal vi prøve å lage ein heilt sjølv, fortel dei.