I går arrangerte UDI og kommunen eit møte for asylsøkjarane og flyktningane, der dei fekk høve til å kome med spørsmål til politiet.
Medkjensle med dei pårørande
Flyktningekonsulent i kommunen, Jan Ingar Nordheim, seier at mange av dei som møtte opp i går synest dette er svært vanskeleg. - Det er sinne, frustrasjon og sorg over at noko slikt har skjedd i Sogndal, seier han.
Ordførar i Sogndal, Karen Marie Hjelmeseter, seier flyktningane er samarbeidsvillige, og at dei har stor medkjensle med dei pårørande.