Hopp til innhold

Fleire tiårs kamp er over

I helga opna Gaular si nye storstove, og det rører ein erfaren ordførar som har vore med på litt av kvart.

Gularhallen
Foto: Kristine Folland

– Eg er ikkje berre litt stolt, men mykje.

– Det rører deg dette?

– Ja, det rører meg når eg kjem inn og ser det. Vi har kjempa for dette i mange år. Eg var ikkje trygg før dei byrja å grave i 2013, sa ordførar Mathias Råheim (H) til NRK dagen før opninga.

Trur på meir folk og aktivitet i kommunen

Laurdag var det opning, søndag open dag. Det har teke over 30 år sidan planane først var lanserte, og kosta 70 millionar, men endeleg kunne dei opne Gaularhallen. Sjølve idrettshallen er på vel 1100 kvadratmeter, og ligg i tilknyting til skulen på Sande.

– Har de råd til dette?

Mathias Råheim

RØRT: Ordførar Mathias Råheim.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

– Vi reknar med dette skal trekke meir folk til kommunen, og over 50 prosent av kostnadane er relatert til oppussing av gamleskulen, som hadde vore nødvendig uansett. Utan den kombinasjonen hadde det vore vanskeleg, seier Råheim.

Resultatet for pengane er ein fleirbrukshall på 45x25 meter, nye klasserom, klatrevegg, squashhall, spinningrom, styrkerom, ny kantine, og mykje meir.

– Vi trur det blir mykje aktivitet. Skulen skal bruke hallen, og bygdefolket har byrja å booke mykje timar allereie. Idrettslivet vil blomstre, seier ordføraren.

Klatrevegg Gaularhallen

Ny: KLATREVEGG

Foto: Elias Engevik / NRK

Store forventningar blant ungdomen

Skal vi tru tiandeklassingane NRK prata med før opninga blir det mykje aktivitet. Her er eit utval kommentarar:

– Det siste året har vi ikkje hatt nokon gymsal, og gledd oss til dei skal opne hallen. Så det blir veldig, veldig kjekt.

– Det blir volleyballtrening her. Det blir veldig kjekt. Vi har ikkje hatt hall på lenge, og måtte legge ned volleyball-laget i Gaular ei stund.

Gaularhallen

NY: Fleirbrukshall

Foto: Elias Engevik / NRK

– Den nye kantina ser veldig koseleg å sitte i i lunsjen og friminutta. Mange klasserom er nye, og dei er fantastiske og mykje betre enn dei gamle.

– Vi håpar det kan vere opent nokre kveldar, slik at vi kan kome å spele fotball eller kanskje bruke klatreveggen. Den er heilt ny og veldig kjekk å få.

Ole Morten Vassdal

ELDSJEL: Ole Morten Vassdal.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

Aktiviteten på kveldstid og i helger er det leiar i brukarstyret, Ole Morten Vassdal, som skal stå for. Han har jobba dag og natt dei siste månadane for at hallen skulle verte klar.

– Me håpar totalpakka skal vere lett å selje: Trening og moro for vaksne og ungar. Samtidig, håpar vi helst, seier Vassdal.

Den nye fleirbrukshallen på Sande får siste puss før opninga.

NY HALL: Video frå dagen før opninga, då dei framleis kjempa for å bli klare. Foto: Elias Engevik.