Fleire merka jordskjelv

Fleire i Eid og Gloppen melde i 20.30-tida frå om det som verka som eit jordskjelv, med kraftige ristingar. Seismolog Matilde Sørensen ved jordskjelvstasjonen til Universitet i Bergen fortel at det ser ut til at det har vore eit jordskjelv. – Det ser ut som dette er registrert på målestasjonar frå nord til sør, seier Sørensen. Dei jobbar no med å finne ut kor kraftig skjelvet har vore. Ein NRK-tipsar fortel at skjelvet også kunne merkast i Ørsta.