NRK Meny
Normal

Fleire innbrot i Hornindal og Stryn

Seint laurdag kveld fekk politiet melding om bustadinnbrot i både Oldedalen i Stryn og Hornindal. I Hornindal blei detog meldt om innbrot i ein bil.

Laster kart, vennligst vent...

– Den første meldinga fekk frå Oldedalen der, tjuvane har knust ei rute for å kome seg, der har dei forsynt seg med datautstyr og sølvtøy, seier Inge Værøy som er operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt

Seinare laurdag kveld kom det og inn melding om innbrot i Hornindal, der tjuvane også har vore ute etter datautstyr.

To bilar observerte

I samband med innbrotet i Oldedalen er det observert ei mørk stasjonsvon, mogleg utanlands registrert, det er og observert ein raud Nissan Primera. I samband med innbrotet i Hornindal er det også observert ei mørk stasjonsvogn.

– Folk bør no merke seg registreringsnummer på ukjende bilar i nabolaget, seier Værøy.

Fleire Innbrot i Stryn:

Også fredag vart det meldt om grovt tjuveri frå ein bustad i Markane i Stryn. Også der hadde tjuvane knust ei rute for å ta seg inn. Her hadde tjuvane stole videokamera, pass, mobiltelefon og ein harddisk.

Tidlegare på fredagen vart det meldt om tjuveri frå ein ulåst bil i Stryn sentrum.

Også ved innbrota i Stryn fredag vart det observert ei mørk stasjonsvogn

– Vi kan ikkje utelukke at det er ein samanheng mellom alle desse innbrota.

Politiet er intressert i tips frå publikum.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.