Fleire evakuerte får flytte heim

Evakuerte i Vassendenområdet som ynskjer det kan no få flytte heimatt. – Vi gir dei eit tilbod om båt inn til Ålhus og busstransport vidare til Skei, seier Jølster-ordførar Oddmund Klakegg (Sp). Etterpå må dei ha ein plan for korleis dei skal kome seg vidare. Jølster kommune har fått råd frå NVE om at det er trygt å flytte heim, ifølge innsatsleiar for politiet, Øystein Russenes. – Vi vil åpne vegen frå Skei og ned mot Svidalsneset, fortel han til NRK like etter klokka 17. Jølster-ordføraren forsikrar om at kommunen framleis vil oppretthalde tilbodet om å overnatte og bli tatt hand om i Gjesthalla og ved Vassenden skule det komande døgnet. – Vi legg ikkje ned evakueringssenteret vi har oppretta på Vassenden, fastslår han.

Ras Jølster 4
Foto: Linda Olin Reite / NRK
Store nedbørsmengder har ført til jordras og flaum i Sunnfjord. Fleire ras har gått over E39, og vegen er stengd.