NRK Meny

Flatraket skule blir spart

Selje formannskap gjekk onsdag inn for å innføre eigedomsskatt frå 2015. Tilrådinga var samrøystes og går også ut på å oppretthalde Flatraket skule og å drive Selje sjukeheim som i dag, seier ordførar Ottar Nygård. I 2015 reknar dei med å få inn 2,15 millionar i eigedomsskatt. Nygård presiserer at det ikkje blir eigedomsskatt på næringseigedomar. Han håpar no at denne tilrådinga også får fleirtal i kommunestyret.

Vegopning på Bergum i Førde kommune